Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
TORSKESATSING: Statt Torsk satsar på å gå fra to til seks konsesjonar og slakte 12.000 tonn oppdrettstorsk årleg innan 2025 fortel dagleg leiar Gustave Brun-Lie (innfelt). Foto: Statt Torsk
Nytt

Torsk på børsen

Statt Torsk blir børsnotert neste veke. Slakting og foredling skal skje på Stadlandet.

12.04.2021

I slutten av mars henta oppdrettselskapet Statt Torsk 115 millionar kroner i ein kapitalutviding for å finansiere vekst, og gjere selskapet klart for børsnotering.

Statt Torsk driv i dag to oppdrettskonsesjonar i Vanylven. Målet er å kome opp i seks konsesjonar og slakte 12.000 tonn oppdrettstorsk årleg i løpet av 2025, seier dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie.

Kapitaltutvidinga verdsette Statt Torsk til omlag 415 millionar kroner, og alt er i rute for børsnotering frå 21. april, i følgje Brun-Lie.

Gjer alt lokalt
Målet er å ha konsesjonane og oppdrettsanlegga i samla i Vanylvsfjord/Rovdefjord-området nord for Stad og slakte og bearbeide torsken hos fiskeforedlingsanlegget til Per Stave as på Stadlandet, i tillegg til slakting hos Henden Fiskeindustri på Averøya.

Ei søknad om konsesjon er til behandling og selskapet per i dag har studiar i gang for å vurdere to andre lokalitetar.

Eit felles selskap, med Per Stave as, Ervik Havfiske-gruppa og Statt Torsk som eigar, skal stå for slakting, foredling og distribusjon.

Målet er å gjere alt lokalt, seier Brun-Lie.

Come-back for torskeoppdrett
Kombinasjonen rikeleg med torsk i Barentshavet og problem med å få til torskeoppdrett i stor skala sette ein stoppar store satsingar på torskeoppdrett rundt 2010.

No har satsinga på torskeoppdrett skote fart på ny, med investorar som satsar på at mellom anna avl av torsk har kome så langt at det er lettare å lukkast med torsk i oppdrettsanlegg.

Torskeoppdrettselskapet Norcod blei tatt opp til notering i oktober i fjor. Då var kursen 49 kroner aksjen. I dag klokka 09:26 er den 133 kroner, som verdset selskapet til 2,3 milliardar kroner.

Også Gadus Group, med blant andre Måøyinvestorar i ryggen, har store planar for torskeoppdrett nord og sør for Stad.

Statt Torsk as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter5,10,7
Driftsresultat-5,6-1,4
Resultat før skatt -5,9-1,7

Publisert: 12.04.2021 11:05

Sist oppdatert: 26.04.2021 12:50

Mer om