Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
STATT: Konsernsjef Gustave Brun Lie og Statt Torsk er no klare til å slakte den kommersielle produksjonen av atlantisk torsk. Foto: Statt Torsk
Nytt

Klar for å hauste første torsken

Statt Torsk skal hauste 500-600 tonn oppdrettstorsk. No startar prisforhandlingane.

12.11.2021

Det er stor spenning knytt til kva pris Statt Torsk får for sin oppdrettstorsk. Prisforhandlingane med kundane startar no, og skjer i samarbeid med Lerøy.

Fram til midten av januar skal selskapet slakte 500-600 tonn, og for heile 2022 er planen å slakte 3.000 tonn atlantisk torsk frå selskapet sine to lokalitetar i Vanylvsfjorden.

Dette opplyser selskapet i samband med framlegging av resultata for 3. kvartal.

(saka held fram etter tabellen)

Statt Torsk
Resultat 3. kvartal 2021 2020
Driftsinntekter 0 0,1
Driftsresultat -6,5 -0,5
Resultat før skatt -6,5 -0,5

Slaktevekt på 3,5-4,0 kilo
Første haustinga skjer frå Stokkeneset, der det vart sett ut vel 200.000 yngel i 2020.

I juli i år døydde rundt 48.000 oppdrettstorsk, men der var att vel 150.000 torsk i tre av merdane.

I slutten av året forventar Statt Torsk at denne torsken vil ha ei snittvekt på 3,5 til 4,0 kilo, og vil vere klar til å verte slakta ved anlegget til Per Stave as.

I tillegg forventar selskapet å hauste rundt 3.000 tonn frå anlegget i Rekvika neste år, for så å auke den samla produksjonen til 4.000 tonn i 2023 og 12.000 tonn i 2024.

Skal vekse
Selskapet opplyser at ein har omfattande vekstplanar, og er i prosess med å skaffe seg fleire oppdrettsløyver.

Tidlegare i haust inngjekk selskapet gjennom dotterselskapet Stokkeneset Reiarlag ein avtale med ein norsk bank om ei finansieringsramme på 63 millioner kroner. Midlane skal brukast til finansiering av fôrflåter og arbeidsbåtar til 70 millioner kroner.

Selskapet opplyste då at ein venta å ta levering av tre flåter og to båtar i perioden fjerde kvartal 2021 til tredje kvartal 2022.

Publisert: 12.11.2021 09:36

Sist oppdatert: 12.11.2021 14:11

Mer om