- Eg vart litt overraska sjølv då eg såg tala. Norge plasserer seg godt på denne statistikken.
Det seier oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea.
Her er Storbritannia klart høgast med 39,2 dollar fatet. Nest høgast er Brasil med 31,4 dollar fatet. Begge ligg i dag over dagens oljepris.
Tredje høgast kostnader har Canada med 23,3 dollar fatet, føre Australia med 22,5 dollar fatet.
Heilt på botnen ligg landa i Midt-Austen, som har oljeproduksjon på land.
Aller lavast er Kuwait med 4,4 dollar fatet, føre Irak med 4,8 dollar og Saudi-Arabia med 5,0 dollar fatet.
Ho meinte at OPEC hadde lukkast med sin strategi.
- Dette har ført til at ei rekkje prosjekt ikkje lenger er lønsame, og oljeinvesteringane stuper.
- Men ikkje i Midt-Austen. Der aukar investeringane.
I dag er ei rekkje større norske feltutbyggingar ikkje lønsame med dagens oljepris. Saltvedt meiner oljeprisen kan verte lav lenge.
- Den billege oljen frå Midt-Austen tvingar fram kostnadskutt på norsk sektor. Vi må verte billegare, sa Saltvedt.
Tysdag varsla Statoil at ein gjekk vidare med utbyggingsplanane for Johan Castberg-feltet i Barentshavet etter å ha kutta kostnadsestimata med 50 milliardar kroner.
Det seier oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea.
Dyrt i UK og Brasil
Det er IEA - International Energy Agency - som har rekna ut dei gjennomsnittlege produksjonskostnadene for oljeproduksjonen i kvart enkelt land.Her er Storbritannia klart høgast med 39,2 dollar fatet. Nest høgast er Brasil med 31,4 dollar fatet. Begge ligg i dag over dagens oljepris.
Tredje høgast kostnader har Canada med 23,3 dollar fatet, føre Australia med 22,5 dollar fatet.
Kuwait er billegast
Norge har på sin side ein gjennomsnittleg produksjonskostnad på 13,3 dollar fatet, ein tredjedel av den britiske kostnaden. USA ligg på same nivå som Norge.Heilt på botnen ligg landa i Midt-Austen, som har oljeproduksjon på land.
Aller lavast er Kuwait med 4,4 dollar fatet, føre Irak med 4,8 dollar og Saudi-Arabia med 5,0 dollar fatet.
- OPEC har lukkast
Under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag, sa Thina Saltvedt at OPEC-landa hadde som mål å pøse så mykje billeg olje ut i marknaden som muleg, for å stoppe den dyrare oljen i å ta marknadsandelar.Ho meinte at OPEC hadde lukkast med sin strategi.
- Dette har ført til at ei rekkje prosjekt ikkje lenger er lønsame, og oljeinvesteringane stuper.
- Men ikkje i Midt-Austen. Der aukar investeringane.
- Må kutte kostnader
Saltvedt meiner at norsk oljeproduksjon kan klare seg i ein slik marknad, vel å merke dersom ein klarer å kutte kostnader.I dag er ei rekkje større norske feltutbyggingar ikkje lønsame med dagens oljepris. Saltvedt meiner oljeprisen kan verte lav lenge.
- Den billege oljen frå Midt-Austen tvingar fram kostnadskutt på norsk sektor. Vi må verte billegare, sa Saltvedt.
Tysdag varsla Statoil at ein gjekk vidare med utbyggingsplanane for Johan Castberg-feltet i Barentshavet etter å ha kutta kostnadsestimata med 50 milliardar kroner.
Den billege oljen frå Midt-Austen tvingar fram kostnadskutt på norsk sektor
Publisert: 20.01.2016 09:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52






