Den som eig aksjar i Kongsberg Gruppen i dag er i morgon eigar av like mange aksjar i Kongsberg Maritime.
Ut frå aksjekursutviklinga sidan rekordnoteringa på 419,86 kroner aksjen 9. april i år ser det ut til at mange investorar heller ventar til Kongsberg Maritime er eit eige børsnotert selskap frå og med i morgon, før dei eventuelt vel å investere i selskapet.
Artikkelen blir oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskapet på Nordvestlandet, etter at børsen stenger i ettermiddag.
12 prosent fall
Før børsen opnar i dag er kursen i Kongsberg Maritime 369,60 kroner aksjen, som er eit fall på 12 prosent sidan toppen 9. april.
Då børsen stengte i ettermiddag var kursen 374,20 kroner aksjen, opp 1,25 prosent frå i går.
Kongsberg Gruppen gjorde det enkelt då selskapet vald å skilje ut Kongsberg Maritime som eit eige selskap. Ein aksje i Kongsberg Gruppen gir ein aksje i Kongsberg Maritime.
Siste sjanse til å få Kongsberg Maritime aksjar ved å vere eigar i Kongsberg Gruppen er i dag. Men det er stor uvisse rundt kva Kongsberg Maritime blir verdsett til og det er truleg ei medverkande årsak til kursfallet dei siste vekene.
Nær 1200 på Nordvestlandet
Kongsberg Maritime er mellom dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet. I 2025 omsette selskapet for i overkant av 27 milliardar og hadde eit driftsresultat på over fire milliardar.
På Nordvestlandet har Kongsberg Maritime nær 1200 tilsette. Dei er fordelt med i ovekant av 340 på NMK i Ålesund, kring 370 tilsette i Ulsteinvik, om lag 230 i Brattvåg, 110 tilsette i Hjørungavåg og 80 tilsette på Longva.
Sju gangar meir verdt
Då Russland gjekk til angrep mot Ukraina i februar 2022 var Kongsberg Gruppen verdsett til rundt 54 kroner aksjen.
Som stor leverandør av våpen, mellom anna rakettar, fekk Kongsberg-aksjen ein bratt vekst og er i dag nesten sju gangar meir verdt enn då krigne starta.
Frykta for at forsvarsdelen av Kongsberg Gruppen skulle bli så dominerande at det ville gå ut over merksemda retta mot Kongsberg Maritime var ein av grunnan for delinga, sa styreleiar Eivind Reiten til Nett No tidlegare i år.
Les også
«Business as usual» for dei fleste i nytt selskap. For leiargruppa blir det ein ny kvardag.
Om bare få dager tilhører rundt 1200 Kongsberg Maritime- ansatte på Nordvestlandet et nytt selskap.
«Kongsberg-krona» forsvinn når Kongsberg Maritime skal stå på eigne bein frå neste år.
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | 3,45 | 2,37 % |
| Atlantic Sapphire | 3,155 | -10,88 % |
| Endúr | 108,80 | 3,23 % |
| Golden Energy Offshore Services | 8,70 | 2,35 % |
| Hav Group | 9,30 | -1,48 % |
| Havila Kystruten | 50,50 | 1,82 % |
| Havila Shipping | 1,205 | -2,03 % |
| Hexagon Composites | 11,03 | 3,96 % |
| Hexagon Purus | 1,146 | -0,17 % |
| Hofseth Biocare | 1,32 | 1,93 % |
| Tinde Sparebank | 117,00 | 0,86 % |
| Salmon Evolution | 4,775 | -2,65 % |
| Sparebanken Møre | 115,00 | -2,54 % |
Publisert: 22.04.2026 08:39
Sist oppdatert: 23.04.2026 16:38






