Deponiloeysing er som aa velja mellom pest eller kolera
NAUSTDAL: Utsikt frå Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane, der Nordic Mining har planar om å vinna ut mineralet rutil. Selskapet har fått løyve til eit deponi i Førdefjorden
Nytt

– Deponiløysing er som å velja mellom pest eller kolera

Det er ikkje mogleg å slå fast om det er sjødeponi eller landdeponi som skadar naturen mest.

29.01.2019
NPK: Det kjem fram i ei utgreiing frå Miljødirektoratet.
Direktoratet konkluderer med at det ikkje realistisk å sjå føre seg utvinning av mineral utan mellombels eller permanent deponering i sjøen eller på land.
– Dersom me skal ha gruveverksemd i Noreg, blir valet av deponiløysing som å velja mellom «pest og kolera», med ulike konsekvensar for miljøet, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet, som har greidd ut eit forbod mot sjødeponi og sett konsekvensane.
Kva for deponiløysing som skal brukast, bør vurderast frå sak til sak, anbefaler direktoratet. Påverknaden på naturmangfaldet, økologi, kva for kjemikaliar som blir brukt, geografi og stad, kostnadar og effekt på andre næringar og samfunnsinteresser bør vera del av vurderinga.
– Noreg har ein lang kyst, og mange mineralske ressursar ligg slik til at deponering i sjø kan vere eit alternativ. I dei to aktuelle døma frå nyare tid (Repparfjorden i Finnmark og Førdefjorden i Sogn og Fjordane) har sjødeponi vore det totalt sett beste alternativet når både miljø og samfunnsøkonomi har blitt vurdert.
Landdeponi i desse tilfella blei vurdert til ikkje å vera miljømessig vesentleg betre enn sjødeponi, heiter det vidare i .
Miljøpåverknaden av gruvedrift er betydelege anten ein vel å deponera avgangsmassane i sjøen eller på land, meiner Miljødirektoratet.
– Konsekvensane av dei to løysingane er ulike og det er ikkje mogleg på generelt grunnlag å fastslå kva for ei løysing som gir minst miljøulemper, seier Hambro.

Publisert: 29.01.2019 09:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30