Måløy hotell sentrum
MÅLØY: I Måløy kan stein frå skipstunnelen utvide eit område i sentrum og gi plass til hotell og badeland. Prosjektet er sett opp på 5. plass på prioriteringslista over prosjekt sør for tunnelene. Illustrasjon
Nytt

Desse kan få steinmassar frå skipstunnelen

Ikkje nok stein til alle. 23 ulike prosjekt er plukka ut.

Marius Rosbach
27.02.2024

Sjå prioritert liste og kart under

Kystverket og kommunene Stad, Kinn og Vanylven er nå samde om ei prioriteringsliste over kva næringstiltak som kan få steinmassar frå Stad skipstunnel.

Lista blei lagt fram i samband med folkemøter på nordsida og sørsida av Stad-halvøya tysdag.

– Det er ikkje stein til alle, så vi har vore nøyd til å lage ei samla prioriteringsliste, fortalde seniorrådgivar Sveinung Nedregotten då møtet på Kjøde-sida blei innleia.

Stad skipstunnel infomøte kjøde foto marius
KJØDE: Tysdag var prosjektleiar Terje Skjeppestad (bildet) og seniorrådgivar Sveinung Nedregotten på Kjøde for å informere om arbeidet med Stad skipstunnel. Foto: Marius Rosbach

Kamp om å bli prioritert
Det er mangel på tilgang til massar i dei tre kommunane, og interessa for å kome på prioriteringslista, har vore stor.

Prioriteringa er gjort med utgangspunkt i modenheit i prosjekta, nytteverdi og kostnader. Det skal i utgangspunktet takast ut like mykje stein på begge sider av skipstunnelen.

Mellom anna til det vere stein til nye næringsareal både til Prodtex sitt anlegg på Fiskåholmen og Mowi sitt planlagde anlegg ved Sighaug i Vanylven.

Er ikkje sikra stein
I alt skal ein fjerne over tre millionar kubikkmeter fast fjell frå tunnelen. Det svarar til nærare seks millionar kubikkmeter sprengte steinmassar.

For å redusere kostnadane i prosjektet er det eit ønske om å bruke delar av massane i nærområdet.

Lista under viser kven som kan få stein i prioritert rekkefølgje. Med andre ord er ein ikkje sikra massar ved å stå på lista – men kan vere avhengig av kor mykje stein som blir nytta i tiltaka med høgast prioritet. Om eitt tiltak fell vekk, vil neste tiltak på lista rykke opp.

Sjå meir informasjon på Kystverket.no (ekstern lenke)

Får prislappen til sommaren
Ein truleg må vente til 2025 før ein veit om anboda for Stad skipstunnel held seg innafor kostnadsramma frå Stortinget på drygt fem milliardar kroner.

Om tilboda frå entreprenørane blir høgare, må samferdselsprosjektet tilbake til politisk behandling.

Det er anslått at det vil ta fire til seks år å bygge den 1700 meter lange tunnelen.

Nord for tunnelen


Tiltak


Kommune

Innmeldt massebehov i m3


Prioritet

Entringsområde Kjøde

Stad (KYV tiltak)

Kvalitetssikres

1

Kjøde næringsområde

Stad (KYV tiltak)

Kvalitetssikres

2

Fiskåholmen

Vanylven

372 000

3

Mowi, Sighaug

Vanylven

115 000

4

Stad Molo, Leikanger

Stad

Kvalitetssikres

5

Breivika

Vanylven

1 120 000

6

Småstranda

Vanylven

699 000

7

Klovningen

Vanylven

250 000

8

Årsheim

Stad

700 000

9

Sør for skipstunnelen


Tiltak


Kommune

Innmeldt massebehov i m3


Prioritet

Entringsområde Moldefjorden

Stad (KYV tiltak)

Kvalitetssikres

1

Lesto næringsområde

Stad (KYV tiltak)

Kvalitetssikres

2

Pelagia (Pelagia og Stad kommune), Moldefjorden

Stad

233 000

3

Eide-krysset, Moldefjorden

Stad (VFK vei/kryss))

30 000

4

Sentrumstomta Måløy

Kinn

326 000

5

Flatraket Industribygg

Stad

40 000

6

Nordvestvinduet, Allmenning

Kinn

300 000

7

Domstein, Raudeberg

Kinn

50 000

8

Babord, Raudeberg Maritime Park

Kinn

55 000

9

Pelagia, Måløy/Deknepollen

Kinn

55 000

10

Skårastranda

Kinn

375 000

11

Barstadvika, Nordfjord Havn

Kinn

258 000

12

Skottneset

Stad

Usikkert

13

Moldefjorden (dypvannsdeponi)

Stad (KYV deponi)

Forhåpentligvis ikke aktuelt

14

Skipstunnel kart steinmassar
OVERSIKT: Slik er dei prioriterte tiltaka som kan få steinmassar lokalisert i lokalmiljøet kring skipstunnelen.

Publisert: 27.02.2024 17:02

Sist oppdatert: 07.03.2024 14:14

Mer om