Stad skipstunnel utsiktspunkt illustrasjon kystverket snøhetta 11
ANBOD TIL SOMMAREN: Regjeringa sette Stad skipstunnel på vent tidlegare i fjor fordi dei ville at Kystverket skulle gå gjennom kostnadene. No er det venta at anbodet for bygging av prosjektet, kjem ut i marknaden til sommaren. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta
Nytt

Avgjerd om skipstunnelen først i 2025

Tidlegast om halvanna år blir det klart om anboda er innafor kostnadsramma.

Marius Rosbach
11.01.2024

Ein truleg må vente til sommaren 2025 før ein veit om anboda for Stad skipstunnel held seg innafor kostnadsramma frå Stortinget.

Det kjem fram i eit svar fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) på eit skriftleg spørsmål frå Alfred Bjørlo (V) i Stortinget.

Venstre-politikaren frå Nordfjordeid ville ha ein garanti for at Kystverket har fått alle nødvendige avklaringar frå departementet for å kunne lyse ut Stad Skipstunnel på anbod i løpet av første halvår 2024.

Den garantien fekk han frå statsråden.

Prosjektleiar Terje Skjeppestad fortalde også nyleg til NETT NO at Kystverket hadde fått grønt lys til å gi vidare med erverv av eigedomar.

Kan bli sendt tilbake til Stortinget
Samtidig understreka Myrseth at om prisen frå entreprenørane for å bygge skipstunnelen overstig kostnadsramma til Stortinget på drygt fem milliardar kroner, så må prosjektet tilbake til ny politisk behandling.

– Dersom beste tilbod er høgare enn den vedtekne kostnadsramma, vil regjeringa komme tilbake til Storinget med forslag til vidare handtering av saka, svarar ho.

Målet til Kystverket er å lyse ut konkurransegrunnlaget for storprosjektet til sommaren.

– Det er anslått at gjennomføringa av anbodskonkurransen vil ta om lag eit år. Dette betyr at vi med stor sannleik ikkje vil ha kjennskap til endelege pristilbod på denne sida av året, og at vi eventuelt må komme tilbake til den vidare handteringa av saka i 2025 dersom beste pristilbod overstig kostnadsramma som Stortinget har vedtatt, opplyser Myrseth vidare i svaret.

Vil møte Stad-ordførar
Bjørlo ville også vite kvifor ikkje Ap-statsråden vil møte ordførar Sigurd Reksnes (Sp) i Stad, som er vertskapskommune for prosjektet.

Myrseth svara at det hadde vore vanskeleg å finne tid til dette i haust.

– Det vil i staden bli avtalt eit møte som skal gjennomførast i løpet av våren. Eg ser fram imot den vidare dialogen med kommunane og andre aktørar som har viktige innspel i arbeidet med prosjektet Stad skipstunnel, svarar statsråden.

Planlagt ny rettssak
Politisk usikkerheit kring prosjektet, er årsaka til at grunnervervet blei sett på vent. NETT NO har tidlegare fortald at grunneigarane har ønska fortgang i prosessen.

Tre av fire grunneigarar har sett seg i mot at prosessen blei stoppa, og bad om at skjønnsforhandlingane kring eigedomane fekk halde fram.

Dei har to gonger fått ei avgjerd i Sogn og Fjordane tingrett mot seg i dette synet. Saka er anka til lagmannsretten - som begge gonger har oppheva avgjerda frå tingretten.

Det er i utgangspunktet planlagt ei rettssak kring skjønnsprosessen i mai.

Kjerneboring stad skipstunnel 2023 foto kystverket 11
KJERNEBORING: Kystverket har hyra inn ein entreprenør til å gjer ei ny runde med kjerneboring frå Kjøde-sida av skipstunnelen. Bilde viser boreriggen i overkant av fylkesvegen. Foto: Kystverket

Har støtt på mykje vatn
Mykje vatn i fjellet har vist seg å bli ei ny utfordring for kjerneboringa.

Prosjektleiaren fortalde til NETT NO før jul at dei gjerne skulle ha komne lengre. Planen per då var å halde fram med kjerneboringa til uti januar, og ta ei ny vurdering då.

Seint i fjor hadde entreprenøren bora seg kring 520 meter inn i fjellet. Til saman er tunnelløpet 1700 meter langt og tidlegare er det bora kring 700 meter inn i fjellet frå Moldefjorden. Med andre ord er det framleis kring 500 meter att å kartlegge for å vere meir sikre på samansetninga av fjellet.

Publisert: 11.01.2024 09:57

Sist oppdatert: 11.01.2024 11:03

Mer om