Destinasjon samarbeid paa is
REDNINGSAKSJON: Bjarne Rekkedal og restene av styret i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har frist til 1. oktober med å finne ei løysing som sikrar vidare drift av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Han og ektefellen Margrethe driv Rekkedal Gjestehus i Bondalen i Ørsta.
Nytt

Destinasjon-samarbeid på is

Arbeidet med eit tettare samarbeid og eventuelt ei samanslåing av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Destinasjon Nordvest er lagt på is etter at ei rekkje hotell har meldt seg ut av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

11.09.2018
Destinasjon Nordvest organisererer reiselivet i Romsdal og på Nordmøre. Både der og i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er det tidlegare i år styrevedtak om å sjå på synergiar i eit nærare samarbeid og eventuelt gjennom ein fusjon, i følgje styreleiar Bjarne Rekkedal i Destinasjon Ålesund Sunnmøre.
Målet er å ha ei vurdering klart til dei ordinære generalforsamlingane i destinasjonselskapa neste år.

Medlemsflukt

Men i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er arbeidet lagt til sides medan styret i selskapet arbeider for å finne ein løysing som kan sikre vidare drift for selskapet.
Fristen er 1. oktober, når selskapet skal halde ei ekstraordinær generalforsamling.

Omlag halvparten av medlemshotella - ti hotell - i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har meld seg ut frå sommaren og fram til no.

Misnøye

I følgje Rekkedal er misnøye med eit kurs- og konferanseprosjekt i regi av destinasjonselskapet den utløysande årsak til at ein aktør gjekk ut. Det skapte ein domineffekt der andre har følgd etter.
- Det har ikkje gitt den effekten som enkelte meiner det burde ha gitt, seier Rekkedal om prosjektet. Prosjektet blir no avvikla så raskt som praktisk råd.

Vil ha med andre

I følgje Rekkedal har hotella peika på at medlemsgrunnlaget i destinasjonsselskapet må utvidast slik at hotella si relative byrde blir redusert.
Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har driftsinntekter på rundt 10 millionar kroner, der medlemspengane frå hotella utgjer cirka 1,5 millionar.
Både utvida medlemsgrunnlag og ei revurdering av medlemskostnadane for hotella står på planen i styret sitt arbeid fram til møtet 1. oktober.
Den største bidragsytaren inn i selskapet er kommunene på Sunnmøre, men Rekkedal seier det ikkje gir meining å drive selskapet vidare som eit reint interkommunalt selskap utan medlemer frå reiselivsbedriftene.

Gir gevinst

Rekkedal meiner det vil vere eit tap for reiselivet om Destinasjon Ålesund og Sunnmøre blir lagt ned.
- Den store auken (i turistbesøket, red. merk) som har vore i vårt område - som er større enn i andre deler av landet - har Destinasjon Ålesund & Sunnmøre i all beskjedenheit vore med på å skape, seier Rekkedal.
Han viser og til at destinasjonsselskapet fungerer som et bindeledd mellom styresmaktene og verkemiddelapparatet og reiselivsbedriften og meiner reiselivet vil tape på om det bindeleddet blir borte.

Publisert: 11.09.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25