Knut Flakk foto Marius Rosbach 11
HELD FRAM SOM EIGAR: Knut Flakk og familien held fram som eigarar av Devold of Norway med 35 prosent av aksjane. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Det er betydeleg potensiale for vidare vekst

I dag hentar Devold of Norway 40 prosent av inntektene frå utlandet. Det kan bli langt meir, trur Knut Flakk.

Marius Rosbach
04.03.2025

Tysdag blei det kjent at Flakk-gruppen sel 65 prosent av aksjane i ullprodusenten Devold of Norway til Fenix Outdoor International AG.

Eigar og styreleiar i selskapet Knut Flakk påpeiker at 40 prosent av omsetninga til Devold i dag kjem frå eksport.

– Det er betydeleg potensiale for vidare vekst. Hovudgrunnen til at vi vil få med ein medeigar, er at vi vil ha med ein aktør som kan hjelpe oss med å realisere den veksten, seier Flakk til Nett No. 

Hovudkontoret skal framleis ligge i Langevåg - og Flakk håpar veksten skal bidra til fleire arbeidsplassar også her. 

Får større innpass internasjonalt
Kjøparane i Fenix har frå før merkevarer som Fjällräven, Tierra, Hanwag og Royal Robbins i sin portefølje.

Flakk påpeiker at dei også har varehandelkjeder og butikkar i ein rekke land. I desse vil nå Devold bli prioritert. 

– Det vil gi oss betydeleg større innpass internasjonalt, seier han. 

Flakk fortel at dei samtidig ventar synergieffektar frå samarbeid om innkjøp, sal, produksjon og marknadsføring. 

– Var på konkursen rand 
Devold of Norway har røter tilbake til 1854. Då Flakk-familien tok over, var det ei bedrift i store økonomiske problem. 

– Det var eit selskap som var på konkursen rand då vi kjøpte det i 1989. Også har vi bygd det opp gjennom ein heil generasjon til ei sterk merkevare med ein marknadsleiande posisjon, fortel Flakk. 

At dei kan selje seg ut med ein gevinst, sett han naturleg nok pris på. Flakk meiner dei fekk ein god pris med ei verdsetting på 900 millionar kroner. 

– Det er 12 gonger bedrifta sitt EBITDA-resultat (overskot før skatt, renter og avskrivingar, journ. anm.), seier Flakk. 

Dei seinaste åra har Devold of Norway hatt kraftig vekst og sett stadig nye omsetningsrekordar. Det har også vore fleire år med svært gode overskot. 

Publisert: 04.03.2025 13:08

Sist oppdatert: 04.03.2025 20:17

Mer om