Sulagondol innfelt jim arve røssevoll illustrasjon snøhetta 22
SVARA OM GONDOLEN: Kring 300 deltok frå starten av det digitale møtet om Sulagondolen, der ordførar Jim Arve Røssevoll (innfelt) svara på spørsmål om saka. Illustrasjon: Snøhetta h
Nytt

– Det er mykje usikkerheit

Sula-ordføraren svara bekymra innbyggjarar om Sulagondolen– forsikrar at Flakk må vurdere ulike alternativ.

Marius Rosbach
25.02.2021


I starten av mars kjem planane om ein gondol til Sulafjellet til første politiske behandling i Sula kommune.

Flakk Gruppen sitt forslag om ein gonodolbane frå Devoldfabrikken i Langevåg til toppen av Sulafjellet, har allereie skapt mykje debatt i lokalmiljøet – og uro hos bebuarar ved traseen.

På sosiale media har diskusjonen gått varm – både hos motstandarar og tilhengarar av gondolen. Mykje av diskusjonen har gått på val av trase, og start- og stoppestasjonar.

Lovar grundig prosess
Det er bakgrunnen for at det onsdag kveld kom i stand eit digitalt møte der kommunen svara på spørsmål, og ikkje minst informerte om kvar prosessen står no.

– Det er mykje usikkerheit kring kva som skal skje, og det er ikkje til å¨legge skjul på at reaksjonane har vore mange. Dette var eit møte som først og fremst var retta mot dei som føler seg berørt, fortel ordførar Jim Arve Røssevoll til NETT NO.

Ordføraren understrekar at om politikarane i planutvalet gir grønt lys for å å starte ein reguleringsprosess, så vil det blir ein lang og grundig prosess før noko av gjort om bygging.

– Her har vi førebels ein aktør som har nokre tankar og eit forslag. Så setter lova mellom anna krav til at det blir utgreia alternativ. Styresmaktene vil også spørje om korleis desse er vurdert, legg han til.

Under møtet deltok også Terje Havnegjerde som er leiar for Plan, bygg og oppmåling i kommunen, og gjekk gjennom korleis prosessen vil vere vidare – om ikkje planutvalet sett ned foten allereie i første møte.

Møtet blei strøyma på Facebook og kan sjåast i opptak her (ekstern lenke)

(saka held fram under)

Sulagondol illustrasjon snøhetta 11
TOPPSTASJONEN: Arkitektkontoret Snøhetta har teikna eit forslag til korleis toppstasjonen kan sjå ut. Illustrasjon: Snøhetta

Flakk ventar på vedtak
Knut Flakk fortalde i desember i fjor kommunestyret i Sula om planane om å investere kring 400 millionar kroner i ein gondolbane.

Flakk opplyser til NETT NO at dei førebels ikkje har teke stilling til noko av innvendingane som har kome – og at det er for tidleg i prosessen.

– Vi tek først tak i dette arbeidet når Sula kommune har fatta eit vedtak om oppstart av reguleringsprosessen, skriv han i ein sms.

Om prosjektet blir realisert, vil det i tilfelle dreier seg om det største reiselivsprosjektet i regionen. Til samanlikning kosta Loen Skylift-investeringa i Stryn drygt 300 millionar. Gondolbana under bygging i Åndalsnes, er anslått å koste rundt 150 millionar.

Publisert: 25.02.2021 12:15

Sist oppdatert: 25.02.2021 17:44

Mer om