Havila Clipper Mjølstadneset innfelt njål sævik 11
OPTIMISME: Nytt oppdrag for Havila Clipper. Havila Shipping-direktør Njål Sævik trur 2021 kan verte eit vendepunkt etter fleire blytunge år. Foto: Kjetil Haanes/Axxis
Nytt

Det lysnar i Nordsjøen

Sommarsesongen ser meir lovande ut enn på mange år for offshorereiarlaga.

22.04.2021

- Ja, det ser slett ikkje verst ut for sommarmånadene, og det byrjar å stramme seg til, spesielt på norsk side av Nordsjøen.

Det seier Havila Shipping-direktør Njål Sævik.

- Men det såg bra ut for sommarsesongen på same tid i fjor. Då fekk vi korona midt i fleisen. No håper eg at vi slepp fleire slike nedturar.

Greie rater
Selskapet offentleggjorde torsdag ein fast kontrakt på 70 dagar for PSV-en Havila Clipper. Oppdraget er med Equinor Energy, og har i tillegg ein opsjon på 20 dagar.

- Det er greitt å få litt lengre avtalar når ratene er greie, seier Sævik.

Det gir håp om at 2021 kan bli eit vendepunkt etter fleire blytunge år
Njål Sævik

14. april tok selskapet også ut PSV-en Havila Borg etter eitt år i opplag på Moltu.

Utfordringar å skaffe mannskap
Medan båten gjorde klar til mobilisering, sikra ein seg kontrakt med IKM Acona for eitt borehol, estimert til mellom 35 og 90 dagar, men med opsjon for ytterlegare to borehol, noko som kan auke kontraktslengda til inntil ni månader.

- Ei gledeleg kontrakt, seier Sævik, men det var ikkje like lett å skaffe norsk mannskap på kort tid.

- Vi hadde eigentleg tenkt å satse med denne båten på britisk sektor, men så fekk vi kontrakt på norsk side. Då måtte vi ha norsk mannskap. Det ordna seg, men det var litt utfordringar.

Havila Shipping har framleis seks båtar i opplag. Sævik seier at det ikkje er aktuelt å ta ut fleire no.

- Det er viktig at reiarane ikkje tar ut for mange båtar for tidleg. Det kan øydeleggje balansen.

Vendepunkt
Han viser spesielt til at det framleis vert inngått kontrakter på lave rater for PSV-ar, spesielt på britisk side.

- Dette trekker ned, men bildet er uansett meir positivt enn på lang tid.

- Aktiviteten er aukande, og ratene ser ut til å følgje etter. Det gir håp om at 2021 kan bli eit vendepunkt etter fleire blytunge år.

Publisert: 22.04.2021 15:01

Sist oppdatert: 26.05.2021 13:53

Mer om