Seabrokers spaar gode aar for supplyskipa
FOSNAVÅG: President Richard Gjerde (t.h.) i Fosnavaag Shippingklubb saman med f. v. Emil Spieler Palmers, Seabrokers, Hallvar Ulfstein i shippingklubben og Jone Sivertsen i Seabrokers. 
Nytt

Seabrokers spår gode år for supplyskipa

Seabrokers ser lyst på PSV-marknaden i Nordsjøen. Verre ser det ut for ankerhandterarar, medan det vert ein dropp for subsea i år.

26.03.2019
- Når vi ser på riggaktiviteten, meiner vi at det i løpet av dei neste 18 månadene er potensiale for at etterspørselen for PSV-ar kjem opp på 2014-nivå. Og då hadde vi bra rater.
Det sa Jone Sivertsen, assisterande dagleg leiar i Seabrokers, under eit møte i Fosnavaag Shippingklubb måndag.
Dette var godt nytt for supplyreiarane i salen.

Snudde i 2017

Sivertsen viste til at PSV-marknaden eigentleg snudde i oktober 2017, då det på nytt vart auka i etterspørselen etter PSV-ar.
Det skjedde etter at nybyggingsaktiviteten nærma seg nullpunktet i Europa, samstundes som ein del båtar vart skrapa eller gjekk over til anna bruk.
- PSV-marknaden er no nokså heitt, sjølv om det ikkje er eit stort innsig av riggar eller andre prosjekt.
- Derimot er det masse rørkampanjer i Nord-Europa og i Middelhavet, sa Sivertsen.

Redusert opplagsflåte

Han viste også til at antal PSV-ar i opplag er halvert på to år.
- Ei utfordring var at denne opplagsflåten var med og baud på oppdraga, og dermed pressa prisane ned.
- No er det derimot ikkje så mange PSV-ar som kan kome ut.
I fjor kom det inn i Nordsjøen 18 PSV-ar ut av opplag og 12 båtar inn frå andre regionar.
- Desse 30 nye båtane gav negativ effekt, men vi ser ikkje slike farer i år, sa Sivertsen.

Riggane seglar sjølv

Derimot såg han stor skilnad i prisane mellom store og små PSV-ar.
- Store PSV-ar er klart best betalte.
Medan han meinte at PSV-marknaden no kom sterkt tilbake, var han meir usikker pessimistisk for ankerhandterarar.
- Vi ser ein ny trend der riggselskapa har introdusert pre-legging i tillegg til at ein har fleire DP-riggar som sjølve kan segle mellom lokalasjonane, noko som gjer at det er mindre behov for ankerhandterarar.
- Tidlegare følgte båtane riggane over lang tid. No er det ofte berre snakk om 3-4 dagar.

Kraftig auke i offshore vind

Subsea skipsmeklar Emil Spieler Palmers såg også positivt på utsiktene for subseaskip og offshore konstruksjonsskip på lengre sikt, men spesielt knytta til offshore vind.
- I år ser vi at det er ein del store vindprosjekt som er ferdig utbygt. Dermed vil etterspørselen gå litt ned i 2019.
- For 2020 og 2021 ser vi derimot på nytt auka aktivitet.
Han viste til at vindmarknaden stod for 42 prosent av alle oppdrag i 2018.
- Walk to work-oppdrag hjelper kraftig på i denne marknaden.
Ei utfordring var at denne opplagsflåten var med og baud på oppdraga, og dermed pressa prisane ned

Publisert: 26.03.2019 10:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33