Det maa vere saa pass inntening
PEAB: Den nye sjøgata i Ulsteinvik var eitt av fleire store prosjekt for Peab-eigde K. Nordang i fjor.
Nytt

- Det må vere så pass inntening

Entreprenørselskapet K. Nordang sat att med eit resultat før skatt på 18 millionar kroner i fjor. Så pass må det vere, meiner dagleg leiar Kjetil Nordang.

16.04.2015
- Det er ikkje snakk om ein resultatmargin på meir enn 4,8 %. Så pass må vi ha når vi tenkjer på at vi har mykje dyrt utstyr, seier han.
K. Nordang vart i 2011 seld til det børsnoterte selskapet Peab. Rekneskapstala for 2013 gav ikkje eit rettvisande bilde av drifta, seier Nordang. Då vart resulltatet før skatt minus 5,7 millionar kroner.
- Vi hadde ein positiv kontantstraum også i 2013, men tala for 2014 gir eit rett bilde av situasjonen.

Nordang seier at 2014 var eit bra år, med ei rekkje store kontraktar.

Store Stranda-prosjekt

No er selskapet i gang med bygging av både ny lefsefabrikk og nytt fryseri til Stabburet på Stranda.
- Dette er store prosjekt med totalt 6.500 kvadratmeter bygningsmasse, prosjekt som vi har heilt i nabolaget, seier Nordang.
Lefsefabrikken skal vere ferdig til sommaren, fryseriet på tampen av året.
Selskapet har også eit stort leilegheitsprosjekt i Ålesund under bygging, og skal i gang med ny Vartdal-skule. I tillegg ventar ein avklaring på fleire store prosjekt i nær framtid.
- Vi veit meir om ei veke eller to.

Spennande tider

Sjølv om ordrereserven er god, seier Nordang at det er spennande tider.
- Avisene er fulle med negative artiklar om utviklinga i næringslivet. Det virkar som denne negativismen er i ferd med å spreie seg litt. Dermed kan fort planlagde prosjekt stoppe litt opp.
Stranda-selskapet reuduserte gjelda i løpet av fjoråret frå 174 til 83 millionar kroner.
- Vi har ikkje langsiktig gjeld, og er i ein god finansiell situasjon, seier Nordang.

90 tilsette

Det arbeider rundt 90 tilsette i selskapet, fordelt på hovedkontoret i Svemorka industriområde på Stranda og eit avdelingskontor i Ålesund.
Sjølv eig Kjetil Nordang 7,9 % av K. Nordang gjennom Nordang Gruppen. Svenske Peab eig 90,1 % og Geir Roar Rødseth 2,0 % gjennom Rødseth Invest.
Overskotet frå 2014 vert pløygd tilbake til selskapet.
Avisene er fulle med negative artiklar om utviklinga i næringslivet

Publisert: 16.04.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43