Midlane kjem frå Klimasats-ordninga, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding tysdag.
- Med politikarar som ønsker å ta del i det grøne skiftet og med nasjonale forventningar om fossilfri kollektivtrafikk innan 2025, så er vi svært glade for at vi igjen har fått støtte frå Klimasats-ordninga til utgreiingar for utsleppsfri hurtigbåt i Møre og Romsdal, seier Marte Berild Gjelle, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Utgreiinga skal mellom mellom anna sjå på seilingsruta, strømnett, ladeinfrastruktur, effektbehov, løysing for automatisk lading og fortøying og tilpassing av anløp og kaier. Den vil også sjå på aktuelle nullutsleppsalternativ på dei ulike rutene og drøfte visuelle utfordringar og støy frå kaianlegg.
Utgreiinga vil også bli delt med andre fylkeskommunar og fungere som kunnskapsgrunnlag også for desse.
Møre og Romsdal fylkeskommune leier allereie pilotprosjektet «Batterielektrisk hurtigbåt melllom Langevåg og Ålesund» gjennom Grønt Skipsfartsprogram.
- Med politikarar som ønsker å ta del i det grøne skiftet og med nasjonale forventningar om fossilfri kollektivtrafikk innan 2025, så er vi svært glade for at vi igjen har fått støtte frå Klimasats-ordninga til utgreiingar for utsleppsfri hurtigbåt i Møre og Romsdal, seier Marte Berild Gjelle, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Langevåg - Ålesund
Gjennom Klimasats har Møre og Romsdal fylkeskommune søkt om midlar til innkjøp av batterielektrisk hurtigbåt for ruta Langevåg – Ålesund og til å greie ut potensiale for null- og lågutslepp.Utgreiinga skal mellom mellom anna sjå på seilingsruta, strømnett, ladeinfrastruktur, effektbehov, løysing for automatisk lading og fortøying og tilpassing av anløp og kaier. Den vil også sjå på aktuelle nullutsleppsalternativ på dei ulike rutene og drøfte visuelle utfordringar og støy frå kaianlegg.
Ferdig til oktober
Det er planlagt at utgreiingane skal vere ferdig i oktober 2020, slik at desse blir ein del av grunnlaget for vidareutvikling av hurtigbåtdrifta i fylket, vert det opplyst.Utgreiinga vil også bli delt med andre fylkeskommunar og fungere som kunnskapsgrunnlag også for desse.
Møre og Romsdal fylkeskommune leier allereie pilotprosjektet «Batterielektrisk hurtigbåt melllom Langevåg og Ålesund» gjennom Grønt Skipsfartsprogram.
Publisert: 17.12.2019 15:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48