Om bord er det topp utstyrt messe og bysse, kaffebar ved arbeidsdekk, TV-stove, salong med panoramautsikt, kino, trimrom, samt sky-lounge med jacuzzi og sitjegruppe på toppen av styrhuset.
Båten vart 16. januar overlevert frå Aas Mek. Verksted på Vestnes, og er brønnbåt nummer 15 frå verftet til Ålesund-baserte Sølvtrans.
Det er reiarlaget Bømlo Brønnbåtservice som har bestilt båten, eit reiarlag som for eitt år sidan vart kjøpt opp av Sølvtrans.
Dåpen vil finne stad på Stord laurdag, med Marie Louise Hvide som gudmor, dotter til styreleiar Anders Hvide i Sølvtrans.
I ei pressemelding frå Aas Mek Verksted vert det opplyst at nybygget er av eit nyutvikla AAS 3602 STDE-design. Det nye designet er utvikla av verftet, og er skrogmessig uttesta i modelltanken i Trondheim for optimalisering av skroglinjer for lavast muleg energiforbruk og størst muleg fart.
Sirkulasjonen i lasteromet er optimalisert med CFD-analyse for å få best muleg vasskvalitet under transport og avlusing.
Om bord er det 11 einmannslugarar med toalett og dusj, TV, musikkanlegg og sofagruppe.
Lastesystemet er arrangert med avsiling for sjøvatn og ferskvatn for bruk ved ferskvasssbading av fisken for avlusing og amøbebehandling.
Aas opplyser at båten i tillegg mellom anna er er bygt med CO2-luftarar og oksyginering for behandling av vatnet i lasteroma i samband med lukka transport, transport av smolt, sjuk fisk og transport gjennom soner med spesielle restriksjonar.
Båten er også utstyrt med undervasskamera for overvaking av fisken i lasteromet under lasting og transport. Kamera er også montert utvendig under båten for å overvake lasteslangar, not og liknande i samband med lasting langs mærane.
Aas Mek Verksted opplyser også at nybygget er utstyrt med verftet sitt spesialutvikla vaske- og desinfiseringssytem "Well Wash". Dette systemet er eit heilautomatisk vaskesystem for vask og desinfisering av lasteroma, sirkulasjonsrøra, vakuumanlegget, laste- og lossesystemet og CO2-luftarane.
Båten vart 16. januar overlevert frå Aas Mek. Verksted på Vestnes, og er brønnbåt nummer 15 frå verftet til Ålesund-baserte Sølvtrans.
Det er reiarlaget Bømlo Brønnbåtservice som har bestilt båten, eit reiarlag som for eitt år sidan vart kjøpt opp av Sølvtrans.
Dåpen vil finne stad på Stord laurdag, med Marie Louise Hvide som gudmor, dotter til styreleiar Anders Hvide i Sølvtrans.
540 tonn laks
Nye Øystrand er 79,8 meter lang, 16 meter brei og har ein lasteromskapasitet på 3.600 kubikkmeter fordelt på to rom, tilsvarande 540 tonn med levande laks.I ei pressemelding frå Aas Mek Verksted vert det opplyst at nybygget er av eit nyutvikla AAS 3602 STDE-design. Det nye designet er utvikla av verftet, og er skrogmessig uttesta i modelltanken i Trondheim for optimalisering av skroglinjer for lavast muleg energiforbruk og størst muleg fart.
Sirkulasjonen i lasteromet er optimalisert med CFD-analyse for å få best muleg vasskvalitet under transport og avlusing.
Om bord er det 11 einmannslugarar med toalett og dusj, TV, musikkanlegg og sofagruppe.
Ferskvassbading
For lasting og lossing av levande fisk er båten arrangert med trykk laste- og lossesystem med fisketeljarar, for trykklossing også til land opp til 10 meter trykkhøgde.Lastesystemet er arrangert med avsiling for sjøvatn og ferskvatn for bruk ved ferskvasssbading av fisken for avlusing og amøbebehandling.
Aas opplyser at båten i tillegg mellom anna er er bygt med CO2-luftarar og oksyginering for behandling av vatnet i lasteroma i samband med lukka transport, transport av smolt, sjuk fisk og transport gjennom soner med spesielle restriksjonar.
Kameraovervaking
I tillegg til AU-stråling er sirkulasjonssystemet også arrangert med eigne filter for oppsamling av lus i forbindelse med avlusing av fisken. All lus vert samla opp i beholdar og vert destruert om bord eller levert til land.Båten er også utstyrt med undervasskamera for overvaking av fisken i lasteromet under lasting og transport. Kamera er også montert utvendig under båten for å overvake lasteslangar, not og liknande i samband med lasting langs mærane.
Aas Mek Verksted opplyser også at nybygget er utstyrt med verftet sitt spesialutvikla vaske- og desinfiseringssytem "Well Wash". Dette systemet er eit heilautomatisk vaskesystem for vask og desinfisering av lasteroma, sirkulasjonsrøra, vakuumanlegget, laste- og lossesystemet og CO2-luftarane.
Publisert: 20.01.2017 12:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05