- Vi har mange oppdrag inn mot oppdrettsnæringa, men vi tar på oss ei lang rekkje andre oppdrag.
- Dei siste dagane har vi blant anna levert bruer, levert material til eit byggjeprosjekt på ein holme og køyrd sement, seier Bringsvor.
Han står bak Sandsøy Servicebåt saman med faren Inge Bringsvor. Dei selde familiebedrifta Bringsvor Laks i 2012, men starta i det små i 2014 med oppdrag for oppdrettsnæringa med ein ombygd arbeidsbåt.
- Etterpå har det balla skikkeleg på seg, seier Aksel Ivan Bringsvor.
Dei 28 tilsette driv med dykke-inspeksjon, notvask, ringvask, transport, kraning, ROV-inspeksjon, sleping og fortøying.
- Kort sagt det meste, seier Bringsvor.
Båtane er 14.95 meter lange, for å sleppe krav om skippersertifikat.
- Men dei er fullspekka med utstyr, nesten like mykje som om bord i eit langt større offshorefartøy.
Resultatet før skatt vart på 2,0 millionar, mot minus 1,7 millionar i 2018.
Aksel Ivan Bringsvor seier at no er det på tide å trappe litt ned på vekst-takta.
- I år forventar vi å omsette for om lag det same som i fjor, kanskje litt meir, seier Bringsvor.
- Sidan vi tek på oss dei aller fleste oppdrag, også krevjande oppdrag inne blant nøter og inne i fjøresteinane, er vi avhengige av tilsette som meistrar slike oppdrag.
Dei tilsette har skiftordning med to veker på og to veker av. Dei aller fleste kjem frå Sunnmøre.
Inge Bringsvor bur på Sandsøya, medan Aksel Ivan Bringsvor bur i Ulsteinvik. Målet er å utvikle selskapet som eit Sandsøy-basert selskap, sjølv om den daglege leiinga skjer frå Ulsteinvik.
- Vi har no kome opp i ein størrelse som gjer at vi to ikkje kan gjere alt lenger. Difor byggjer vi gradvis opp ein større organisasjon på landsida.
Den 14,95 meter lange og 12 meter breie arbeidsbåten har om bord to kraner, der den eine er på 115 tonn/meter, og den andre 45 tonn/meter. Om bord er også 40 tonns vinsj og full dekksutrustning, samt to Scania-motorar på 500 hestekrefter. For auka komfort, og miljøtiltak, har den i tillegg ein batteripakke som gjer at båten kan liggje på straum i tolv timar.
- Sjølv om båten er bygd i Tyrkia, har han ei mengde utstyr frå norske leverandørar.
- Det er først og fremst sjølve bygginga i Tyrkia vi sparer pengar på, kontra å bygge i Norge. Det har blitt ein skikkeleg bra båt som er tilrettelagt for ei lang rekkje funksjonar, seier Bringsvor.
- Dei har ulike eigenskapar alle, og vi er dermed i stand til å løyse bortimot alle oppdrag som måtte kome.
Bringsvor opplyser at dei fleste oppdraga er på strekninga Sognefjorden – Hustadvika, men at ein i praksis tar på seg oppdrag langs heile kysten.
- Etter kvart som vi vert innarbeidde, får vi stadig fleire forespørslar om oppdrag.
- Det ser lovande ut framover, men vi planlegg ingen fleire nybygg med det første.
- Dei siste dagane har vi blant anna levert bruer, levert material til eit byggjeprosjekt på ein holme og køyrd sement, seier Bringsvor.
Han står bak Sandsøy Servicebåt saman med faren Inge Bringsvor. Dei selde familiebedrifta Bringsvor Laks i 2012, men starta i det små i 2014 med oppdrag for oppdrettsnæringa med ein ombygd arbeidsbåt.
- Etterpå har det balla skikkeleg på seg, seier Aksel Ivan Bringsvor.
- Kort sagt det meste
Selskapet har no fire arbeidsbåtar.Dei 28 tilsette driv med dykke-inspeksjon, notvask, ringvask, transport, kraning, ROV-inspeksjon, sleping og fortøying.
- Kort sagt det meste, seier Bringsvor.
Båtane er 14.95 meter lange, for å sleppe krav om skippersertifikat.
- Men dei er fullspekka med utstyr, nesten like mykje som om bord i eit langt større offshorefartøy.
Kraftig vekst
I fjor omsette selskapet for 33,6 millionar kroner, opp frå 14,8 millionar kroner året før.Resultatet før skatt vart på 2,0 millionar, mot minus 1,7 millionar i 2018.
Aksel Ivan Bringsvor seier at no er det på tide å trappe litt ned på vekst-takta.
- I år forventar vi å omsette for om lag det same som i fjor, kanskje litt meir, seier Bringsvor.
Byggjer organisasjon
Han seier at i år vil ein bruke mykje tid på å utvikle kompetansen til mannskapet.- Sidan vi tek på oss dei aller fleste oppdrag, også krevjande oppdrag inne blant nøter og inne i fjøresteinane, er vi avhengige av tilsette som meistrar slike oppdrag.
Dei tilsette har skiftordning med to veker på og to veker av. Dei aller fleste kjem frå Sunnmøre.
Inge Bringsvor bur på Sandsøya, medan Aksel Ivan Bringsvor bur i Ulsteinvik. Målet er å utvikle selskapet som eit Sandsøy-basert selskap, sjølv om den daglege leiinga skjer frå Ulsteinvik.
- Vi har no kome opp i ein størrelse som gjer at vi to ikkje kan gjere alt lenger. Difor byggjer vi gradvis opp ein større organisasjon på landsida.
Mykje norsk utstyr
Den siste arbeidsbåten, Hydra, kosta nærare tretti millionar kroner, og er bygd i Tyrkia. Båten er bygd spesielt med tanke på tyngre fortøyingsoppgåver.Den 14,95 meter lange og 12 meter breie arbeidsbåten har om bord to kraner, der den eine er på 115 tonn/meter, og den andre 45 tonn/meter. Om bord er også 40 tonns vinsj og full dekksutrustning, samt to Scania-motorar på 500 hestekrefter. For auka komfort, og miljøtiltak, har den i tillegg ein batteripakke som gjer at båten kan liggje på straum i tolv timar.
- Sjølv om båten er bygd i Tyrkia, har han ei mengde utstyr frå norske leverandørar.
- Det er først og fremst sjølve bygginga i Tyrkia vi sparer pengar på, kontra å bygge i Norge. Det har blitt ein skikkeleg bra båt som er tilrettelagt for ei lang rekkje funksjonar, seier Bringsvor.
Ulike eigenskapar
Han seier at totalt sett utfyller dei fire båtane kvarandre på ein svært god måte.- Dei har ulike eigenskapar alle, og vi er dermed i stand til å løyse bortimot alle oppdrag som måtte kome.
Bringsvor opplyser at dei fleste oppdraga er på strekninga Sognefjorden – Hustadvika, men at ein i praksis tar på seg oppdrag langs heile kysten.
- Etter kvart som vi vert innarbeidde, får vi stadig fleire forespørslar om oppdrag.
- Det ser lovande ut framover, men vi planlegg ingen fleire nybygg med det første.
Men dei er fullspekka med utstyr, nesten like mykje som om bord i eit langt større offshorefartøy
Publisert: 24.06.2020 05:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58