Difor er det faerre konkursar
VERST RÅKA: Bygg- og anlegg, servering og overnattingsverksemder og varehandel er bransjane som har flest konkursar i Møre og Romsdal så langt i år. 
Nytt

Difor er det færre konkursar

Det er ei heilt naturleg forklaring til at færre bedrifter enn vanleg går konkurs i koronaåret. Men tre bransjar skil seg kraftig ut. 

Marius Rosbach
09.12.2020

Tala over bedrifter som går konkurs er framleis lågare i 2020, enn det har vore dei siste åra.

Kunngjeringane frå Brønnøysundregistera viser at det er tre bransjar som har betydeleg fleire konkursar i Møre og Romsdal så langt i år.

  • Bygg og anlegg 34 konkursar.
  • Varehandel 33 konkursar.
  • Overnattings- og serveringsverksemd 23 konkursar.

Den neste bransjen på lista er forretningsmessig tenesteyting med 11 konkursar.

Bygg- og anleggsbransjen har hatt høge konkurstal dei siste åra, mellom anna som følgje av høgt prispress og sterk konkurranse. Også på landsbasis ligg denne bransjen no øvst på konkursstatistikken.

Varehandelen har vore hardt råka av koronapandemien og mange hadde vekevis med nærast tomme butikkar i vår. Denne bransjen er også på landsbasis nummer to på statistikkane.

Når det gjeld overnattings- og serveringsverksemder har også denne bransjen hatt høge konkurstal både i Møre og Romsdal, og i landet som heilheit dei siste åra. Spesielt mange restaurantar har gått over ende, dette er ein bransje som framleis har sviktande inntekter grunna smitteverntiltak.

I ferd med å normalisere seg

Talet på konkursar har vore halde kunstig lavt i 2020, ikkje minst fordi skattestyresmaktene har vore restriktive med å sende konkurskrav til tingrettane.

Sjølv om det venteleg blir oppsiktsvekkjande få konkursar i 2020 trass i krisetider, ser vi no at nedgangen er i ferd med å flate ut
Per Einar Ruud

Avdelingsdirektør Rune Langsø Johansen i innkrevingsdivisjonen hos Skatteetaten kan opplyse at dei gradvis har teke opp att innkrevingsarbeidet og at dette no er i ferd med å normalisere seg.

– I alt det vesentlege er konkursbegjæringane basert på krav som hadde forfall før koronakrisa slo til. Vi er opptekne av å ha dialog med dei råka føretaka for å kunne vurdere om det finst alternative løysingar innanfor regelverket som gjeld til ein kvar tid, opplyser han til NETT NO.

Avdelingsdirektøren trur også at utsett betaling hos bankane gjort sitt til at konkurstala er låge så langt.


Trur på konkursbølgje

Men Per Einar Ruud Bisnode peiker på at tilbakegangen i konkurstala er i ferd med å flate ut, og meiner det kan kome ei konkursbølgje i 2021.

– Det kan vere eit teikn på at den venta konkursbølgja som følgje av koronakrisa snart er på veg, seier han om at skilnaden på 2020 og 2019 er i ferd med å jamne seg ut.

I juni var det heile 20 prosent færre konkursar enn same månad i fjor. Novembertala viser ein nedgang på 7,6 prosent mot november i fjor, viser ferske tal frå analyseselskapet.

– Sjølv om det venteleg blir oppsiktsvekkjande få konkursar i 2020 trass i krisetider, ser vi no at nedgangen er i ferd med å flate ut, seier Ruud i ei pressemelding.

Han viser til at mange bedrifter har brukt opp reservane og trur at vi i 2021 vil sjå den sanne effekten av koronakrisa.

Færre, men større konkursar

Medan det var om lag 3.240 konkursar i Noreg per november 2020, var det 3.700 på same tid i fjor, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det svarar til ein nedgang på drygt 12 prosent.

Samtidig er det større føretak som har gått konkurs i 2020 enn i 2019. Tala for 2020 viser at konkursane har ramma om lag 18.300 tilsette. Tilsvarande hadde 16.000 tilsette vorte ramma av konkursar per november 2019.

Troms og Finnmark er det einaste fylket som har opplevd ein auke i talet på konkursar og tvangsavvikling hittil i år målt mot i fjor (sjå oversikt over alle fylka under)

Endring i talet på konkursar og tvangsavvikling hittil i år målt mot i fjor:

Viken, -14,7 prosent

Oslo, – 2,5 prosent

Innlandet, -17,4 prosent

Vestfold og Telemark, -0,9 prosent

Agder, – 21,4 prosent

Rogaland, -16,2 prosent

Vestland, – 28,0 prosent

Møre og Romsdal, -14,8 prosent

Trøndelag, – 21,9 prosent

Nordland, – 14,7 prosent

Troms og Finnmark – 14,1 prosent

Publisert: 09.12.2020 16:13

Sist oppdatert: 16.03.2021 12:45

Mer om