Rem Pioneer transport foto Myklebust Verft
KORTAR NED TIDA: Ved å nytte ein sokalla «heavyliftar» kjem skroget til verftet i Sande på omlag halve tida, samanlikna med eit vanleg slep. Snart kjem det til verftet. Foto: Myklebust Verft
Kort fortalt

Verftet får spektakulær levering

Truleg det største fartøyet som har vore i Gurskefjorden.

Marius Rosbach
24.11.2025

Denne veka får Myklebust Verft eit spesielt besøk når tungløftfartøyet Seaway Osprey kjem – truleg natt til onsdag.

Spesialskipet som er nærare 230 meter langt og omlag 45 meter breitt, er truleg det største som nokon gong har vore i Gurskefjorden, skriv verftet i ei melding på sosiale media. 

Om bord fartøyet er skroget til konstruksjonsskipet Rem Pioneer. Verftet ventar at operasjonen med å overføre skroget frå tungløftfartøyet til verftet blir spanande å sjå på.

Det nye Rem Offshore-skipet er frakta frå skrogverftet i Vietnam. Ferda starta tidleg i oktober. Metoden med tørrtransport gjer at turen til verftet på Sunnmøre går langt raskare

Reiardirektør Lars Conradi Andersen i Rem Offshore fortalde tidlegare i år at målet var å få skipet levert før kontrakten eigentleg tilsa - for å få skipet i arbeid. 

Publisert: 24.11.2025 15:11

Sist oppdatert: 24.11.2025 15:11

Mer om