DSC 0026
GOD AKTIVITET: - Vi har eit næringsliv der aktiviteten har vore halde godt oppe, seier Terje Krøvel, leiar for bedriftsmarknaden i Sparebanken Møre. Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Difor har Nordvestlandet kome betre ut av pandemien

Berre to fylke har hatt mindre nedgang i sysselsettinga enn Møre og Romsdal under koronapandemien.

20.05.2021

Torsdag la både NAV og bransjeorganisasjonen Finans Norge fram tal som viser kor hardt pandemien har råka i arbeidsmarknaden, og kor langt norsk økonomi har kome i å ta att det tapte.

Ved utgangen av 1. kvartal var det 135.116 sysselsette i Møre og Romsdal, ifølgje Finans Norge. Det er ein nedgang på 2639 sysselsatte eller 1,92 prosent, samanlikna med slutten av 1. kvartal 2020.

NAV Møre og Romsdal oppsummerer status slik, i den regionale bedriftsundersøkelsen for Møre og Romsdal:

  • 23 prosent av bedriftene ventar flere tilsette om eitt år
  • 14 prosent ventar ein reduksjon
  • Mangelen på arbeidskraft har auka. NAV si berekning er at det manglar 3800 personar til å fylle ledige jobbar. Det er mange samanlikna med landsgjennomsnittet
  • Det er størst mangel på handverkar og i tilsette i helsesektoren

Klikk her for å lese NAV sin bedriftsundersøkelse 2021 for Møre og Romsdal

Klikk her for å lese NAV sin bedriftsundersøkelse for 2021 for Vestland

God næringsstruktur
- Vi har eit næringsliv der aktiviteten har vore halde godt oppe, seier Terje Krøvel, leiar for bedriftsmarknaden i Sparebanken Møre.

Han meiner den relativ låge nedgangen i arbeidsløysa mellom anna viser at Nordvestlandet har eit omstillingsdyktig næringsliv, men som også har ein næringsstruktur som har vore gunstig under epidemien.

Mellom anna har møbelindustrien hatt eit av sine beste år, næringsmiddelindustrien har hatt høg aktivitet og sjømatnæringa har kunne halde hjula i gang.

Buffer med utlendingar
Nordvestlandet har og kunne nyte godt av relativ lite smitte, som mellom anna har sikra butikkjobbar.

- Varehandelen har vore forholdsvis skjerma mot nedstenging i vårt område, seier Krøvel.

Også verfta har hatt relativ god aktivitet, i alle fall fram til no.

Regionen har og ein buffer i at utanlandske arbeidspendlarar uteblir om her ikkje er jobbar. Det dempar svingingane i arbeidsmarknadsstatistikken.

Må skape nye jobbar
Jobbskaperbarometeret som Finans Norge la fram i dag er ein kvartalsrapport som viser korleis Noreg ligg an i høve til å skape gjennomsnittleg 25.000 nye jobbar på landsbasis kvart år fram til 2050. Det er så mange jobbar Finans Norge vurderer må til for å erstatte jobbar som forsvinn og i tillegg halde tritt med befolkningsutviklinga.

Før koronapandemien kom låg vi over målet, etter pandemien ligg vi etter 85.300 jobbar under målet.

- Sysselsetting er ein avgjerande faktor for verdiskaping, vekst og utvikling av fylket vårt, og tiltak som kan bidra til jobbskaping står høgt på agendaen i banken, seier Krøvel og peikar på Sparebanken Møre sitt arrangement gründerarrangerment Næringsteft og partnerskap i gründerarrangementa Angel Challenge og Scale-Up (i Romsdal og på Nordmøre).

Publisert: 20.05.2021 16:20

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:25

Mer om