Digitalt lag skal marknadsfoere norsk reiseliv
NYE METODAR: Reiselivsdirektør Bente Bratland Holm ha samla ei digital avdeling på 13 personar som skal fornye marknadsføringa av Noreg som reisemål.
Nytt

Digitalt lag skal marknadsføre norsk reiseliv

Innovasjon Noreg hentar folk frå TV-produksjon, journalistikk, kreative miljø og norsk reiseliv for å endre marknadsføringa av Noreg som turistmål.

18.09.2018
NPK: Målet er å begeistre med historier frå heile landet i digitale kanalar.
– Det laget vi byggjer no, med sju nytilsetjingar og seks eksisterande tilsette, får oppdraget med å lage digital marknadsføring, seier Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg.

Sju av 340 slapp gjennom

340 personar søkte på dei nye stillingane, men berre sju kom gjennom nålauget. Leiaren for den nye avdelinga, Katrine Mosfjeld, meiner ho no har eit team som utfyller kvarandre.
– Vi trong folk som kjenner bransjen, men også folk utanfrå som ser andre historier enn dei vi tradisjonelt har fortalt, og som kan fortelje dei på nye måtar. No får vi eit miljø som kan finne og utvikle ein idé, og følgje den heilt fram til publikum, seier Mosfjeld.

Nybrottsarbeid

Reiselivsmarknadsføringa er tøff og det er krevjande å skilje seg ut i mengda av nettstader, bilete, filmar og bodskapar. Med nye grep og annleis historieforteljing skal Noreg byggjast som landet med berekraftige og unike reiseopplevingar heile året.
– Dette er nybrotsarbeid. Vi veit kvar vi vil, men vegen blir i nokon grad til mens vi går. Vi får ein digital avdeling på 13 personar med ulike former for spisskompetanse. No set vi dei i same rom med mål om å skape engasjerande historier om og frå Noreg som fortener å bli fortalt, seier Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg.

Publisert: 18.09.2018 08:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26