Djup mistru mellom oljetilsette og miljoeroersla
Tilsette i olje- og gassbransjen føler at miljørørsla bryr seg lite om kva som skal skje med jobbane deira framover, og dei har lite tru på at det vil bli skapt tilsvarande mange jobbar i fornybare næringar. 
Nytt

Djup mistru mellom oljetilsette og miljørørsla

Mistillit mot miljørørsla er utbreidd blant tilsette i olje- og gassnæringa. Mange er òg bitre på fagforbund som pressar på for det grøne skiftet.

Administrator
22.01.2021
NPK-NTB: Olje- og gasstilsette føler seg pressa frå mange hald i klimadebatten. Særleg er mistilliten djup mot miljørørsla. Det viser ein ny rapport som er utarbeidd av forskarar ved Universitetet i Oslo.
Oljearbeidarane føler òg at dei mistar støtte frå andre delar av fagrørsla, dei unge, media, politikarar og blant folk som bur langt frå olje- og gassverksemda, typisk «i Oslo og på Austlandet». I tillegg føler dei at eigne arbeidsvilkår er under sterkt press frå arbeidsgivarsida.
– Dei kjenner seg kort sagt pressa opp i eit hjørne, samanfattar forskarane.

Kjenner seg trua

Rapporten baserer seg på samtalar med tillitsvalde i olje- og gassbransjen og representantar for miljørørsla, og er skriven på oppdrag frå alliansen Grønn Industri 21 og Manifest Tankesmie.
Den dokumenterer særleg ei djup og emosjonell polarisering mellom miljørørsla og oljetilsette.
Dei tilsette føler at miljørørsla truar livsgrunnlaget deira, og at klimaaktivistane har null empati eller realistiske planar for kva som skal skje med dei rundt 100.000 menneska som i dag er sysselsette direkte eller indirekte i oljebransjen.
Polariseringa har ført til ein skarp tone i diskusjonar, der klimaaktivistar gjerne blir omtalte som ekstremistiske, uvitande, kunnskapslause og ideologidrivne. Det skaper i sin tur sterke reaksjonar på den andre sida.
Retorikken frå oljearbeidarane er òg hard mot andre som meiner noko om klimapolitikk knytt til olje- og gassindustrien.
Særleg blir det opplevd som provoserande når fagforeiningar med forankring i offentleg sektor fremjar slike syn. Ein viktig del av røyndomsforståinga til oljearbeidarane er at det er dei som i det store og heile finansierer offentleg sektor, ifølgje rapporten.
– Det kjennest som ein kniv i ryggen, seier ein tillitsvald i Fellesforbundet om at forbund som Fagforbundet og Handel og Kontor går inn for ei styrt avvikling av olje- og gassverksemda.

Etterlyser møteplassar

No blir det etterlyst «parterapi» frå begge sider.
– Eg er uroleg for utviklinga. Røyndomsoppfatninga sprikjer enormt, seier Anja Bakken Riise, leiar i Fremtiden i våre hender.
– Vi i miljørørsla er avhengige av olje- og gassarbeidarane som våre allierte. Vi bør bli endå betre til å ta på alvor den frykta mange arbeidarar kjenner. Korleis skal dei forsørgje familiane sine? Kva jobb skal dei gå til i lågutsleppssamfunnet som miljørørsla snakkar om, seier ho.
Atle Tranøy, som representerer verftsarbeidarar på Kværner Stord, seier det er openbert at han og dei andre tilsette i næringa ofte les utspela frå miljørørsla «slik fanden les Bibelen».
Han meiner fornybarsektoren representerer unike moglegheiter for ny norsk industriutvikling, og seier at bransjen ikkje lenger kan sløse bort dyrebar tid på å krangle med dei som er allierte i arbeidet for nye grøne og berekraftige næringar.
Rapporten seier dei to partane manglar felles møteplassar og meiner det er ein del av problemet. Dei meiner partane må slutte å krangle og heller gå saman om felles initiativ.
Viss ikkje risikerer oljearbeidarane at klimaomstillinga vil skje utan auge for jobbtryggleiken og sømda i nye næringar og næringar i omstilling, blir det åtvara om.

Publisert: 22.01.2021 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13