Fjord 1 har tatt inititativ til å få verna dei dieseldrivne bilfjerjene Bolsøy og Veøy, og søkjer samstundes om dispensasjon til å frakte folk og bilar mellom Geiranger og Hellesylt med dei to ferjene også i 2026-sesongen. Reiarlaget vil ha dispensasjon så lenge ei eventuell verneperiode varer.
Det stadfestar forretningsutviklar Tor Vidar Kittang i Fjord 1 til Nett No.
Nullutsleppskrav
Om dispensasjonssøknaden ikkje går gjennom, har Fjord 1 per i dag ikkje alternativ som kan settast inn i ruta til komande sesong.
Medan store cruiseskip framleis kan segle inn til Geiranger på diesel, må ferjer og liknande fartøy vere utsleppsfrie frå og med 2026.
Selskapet Vestlandske, som er det andre ferjereiarlaget som har trafikkert Hellesylt-Geiranger i sesongen 2025, har to ferjer under ombygging til nullutslepp basert på straum og batteri.
Fire ferjer på fjorden
Bolsøy og Veøy-ferjene har fram til og med 2025-sesongen vore utleigd frå Fjord 1 til selskapet The Fjords. Den leigeavtalen går ut i år, og Fjord 1 sin plan er å trafikkere strekninga sjølve i 2026-sesongen.
Dei to siste sesongane har også Vestlandske trafikkert strekninga, med sine to ferjer.
Sterke reaksjonar
Opphavleg skulle alle skip som ville inn til Geiranger, vere CO2-utsleppsfrie frå og med 2026.
I august 2024 utsette Støre-regjeringa kravet om utsleppsfri seglas til 2032 for større cruiseskip.
Det fekk mellom andre Havila Kystruten-sjef Bent Martini til å reagere, medan Støre forsvarte vedtaket av omsyn til cruisenæringa.
– Styresmaktene har gitt aktørane mange år på å finne løysningar, men til slutt er det reine kommersielle omsyn som står igjen som vinnarar. Dette er ein siger for dei som ikkje har turt å investere i EU grønnare framtid, sa Martini i ei pressemelding.
Publisert: 08.12.2025 15:31
Sist oppdatert: 08.12.2025 15:33






