Egil Giørtz montasje lastebilde foto HI Giørtz.
HELD FARTA OPPE: 2021 blei nok eit rekordår for H i Giørtz Sønner og administrerande direktør Egil Giørtz. Organisk vekst og koronaløft er blant årsakene. Foto: Foto: H.I. Giørtz
Nytt

Giørtz doblar utbyte etter nytt rekordår

Sula-konsernet ser no også effektane av at dei har teke i bruk lokalt utvikla robot.

Marius Rosbach
12.07.2022

H I Giørtz Sønner hadde eit nytt toppår i fjor med rekord-omsetning – og overskot i engrosverksemda.

Årsaka til at Sula-bedrifta legg bak seg nok eit rekordår – etter det førre i 2020 – er organisk vekst, saman med effektane frå koronapandemien.

Omsetninga enda på drygt 3,8 milliardar og resultat før skatt bikka for første gong 100 millionar i 2021 (sjå tabell under).

160 millionar i utbyte på ti år
H I Giørtz Sønner driv med engroshandel til daglegvare og serveringsmarknaden. Dei ti siste åra har verksemda vore ein pengemaskin med utbyte på til saman 160 millionar kroner.

Det gode fjorårsresultatet gjer at eigarane doblar utbyte samanlikna med dei siste åra, og tek ut 40 millionar kroner.

I 2012 og 2013 vart det teke utbytte på ti millionar årleg. I åra etterpå, frå 2014 til 2020, var det årlege utbytte på 20 millionar, før fjorårets dobling.

Eigekapitalandelen utgjorde ved årsskiftet 53 prosent og likviditeten blir sett på som god, ifølgje årsrapporten.

(saka held fram under)

H I Giørtz Sønner
Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
3817
3744
Driftsresultat
98,1 84,6
Resultat før skatt
100,2
86,8

Ser effektar av automatisering
Konsernet samarbeider med Solwr – tidlegare Currence Robotics – i to forsking og utviklingsprosjekt.

Teknologiselskapet har mellom anna laga ein robot som sorterer paller, og som H I Giørtz har teke i bruk. Ifølgje årsrapporten ser ein effektane i produksjonen etter at roboten er sett i full drift.

Innføringa av ein plukkrobot frå same selskap blei forseinka i fjor, men målet er å ta denne i bruk i løpet av året.

Rekordomsetning i daglegvare
Daglegvarebransjen har hatt gode tider under pandemien. Det viser att i verksemda til Sula-konsernet.

Mellom anna sette den Giørtz-eigde Eurospar-butikken på Amfi Moa ny omsetningsrekord i løpet av fjoråret. Selskapet som heiter Moa Mat, er den største lokaleigde daglegvaren i regionen.

Konsernet er også medeigarar i ein rekke daglegvarebutikkar på Sunnmøre og i Nordfjord. Eigarskapen er flytta over til H I Giørtz Holding, saman med fleire eigedomsselskap i Ålesund-området. Ørsta, Herøy og Hornindal.

Publisert: 12.07.2022 09:49

Sist oppdatert: 12.07.2022 10:33

Mer om