Børsnoterte Domstein ASA taper på drifta av sjømatdistribusjonen i Sverige og Noreg, men har driftsoverskot frå eigedomsutleige, eigarposten i Ervik Havfisk og fiskedistribusjon i Europa viser halvårsrekneskapen frå selskapet.
Alt i alt blir resultatet negativ, og konsernet fekk eit underskot før skatt på 4,2 millionar kroner i første halvår.
(Tala for 2013 viser resultatet frå den delen av den konkursråka fiskedistributøren Enghav som er vidareført i Domstein Sjømat).
Pr. i dag har dei kontroll over litt over 70 prosent av selskapet. Målet er å passere 90 prosent og dermend sikre seg makt til å ta tvangsutløyse den eventuelle resten av aksjonærena og ta selskapet av børs.
Den siste fristen for å svare går ut i morgong, torsdag 28. august.
Aksjekjøpet skal finansierast gjennom eit lån frå laksemilliardær Gustav Witzøe sitt investeringsselskap, Kverva.
Etter at Domstein ASA etter planen vert tatt av børs, skal Kverva overta Domstein ASA si verksemd i Sverige, medan Domsteinbrødrene skal drive fiskematleverandøren Enghav i Norge.
"Basert på en helhetlig vurdering av disse forhold er KWC av den oppfatning at tilbudet ikke reflektere de underliggende verdiene i selskapet", heiter det i rapporten til styret.
I beste fall kan verdien vere 21 krone pr aksje. Det verdset heile selskapet til rundt 150 millionar kroner, om lag det dobbelte av bodet frå R. Domstein & Co.
Alt i alt blir resultatet negativ, og konsernet fekk eit underskot før skatt på 4,2 millionar kroner i første halvår.
(Tala for 2013 viser resultatet frå den delen av den konkursråka fiskedistributøren Enghav som er vidareført i Domstein Sjømat).
Vil av børs
Brødrene Rolf, Gunnar og Knut Magne Domstein har to gongar forlenga fristen for å takke ja til tilbodet om å selje aksjane i selskapet til dei for ti kroner pr. aksje.Pr. i dag har dei kontroll over litt over 70 prosent av selskapet. Målet er å passere 90 prosent og dermend sikre seg makt til å ta tvangsutløyse den eventuelle resten av aksjonærena og ta selskapet av børs.
Den siste fristen for å svare går ut i morgong, torsdag 28. august.
Deler selskapet
Aksjekjøpet skal finansierast gjennom eit lån frå laksemilliardær Gustav Witzøe sitt investeringsselskap, Kverva.
Etter at Domstein ASA etter planen vert tatt av børs, skal Kverva overta Domstein ASA si verksemd i Sverige, medan Domsteinbrødrene skal drive fiskematleverandøren Enghav i Norge.
Styre-ja under tvil
Styret i Domstein ASA har rådd aksjonærane til å takke ja til bodet. Men tilrådinga kom under tvil, mellom anna fordi det innleigde konsulentselskapet Kjelstrup & Wiggen Consulting (KWC) konkluderte med at dei underliggande verdiane i selskapet kan vere langt høgare enn Domsteinbrødrene vil gi."Basert på en helhetlig vurdering av disse forhold er KWC av den oppfatning at tilbudet ikke reflektere de underliggende verdiene i selskapet", heiter det i rapporten til styret.
I beste fall kan verdien vere 21 krone pr aksje. Det verdset heile selskapet til rundt 150 millionar kroner, om lag det dobbelte av bodet frå R. Domstein & Co.
Publisert: 27.08.2014 16:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37