Drama rundt Volstad Maritime
DRAMA: Finansdirektør Eirik Syversen i Volstad Maritime fortalte til Sysla-journalist Gerhard Flaaten om dramaet rundt Volstad sitt obligasjonslån.
Nytt

Drama rundt Volstad Maritime

5. juli i år hadde finansdirektør Eirik Syversen i Volstad Maritime klar to ulike børsmeldingar. Eitt alternativ kunne bety slutten for selskapet.

20.09.2017
Denne dagen var siste fristen for Volstad Maritime å innfri eit sikra obligasjonslån som då var på 500 millionar kroner. Fleire aktørar vaka rundt Ålesund-selskapet, som var sett på som solid, som betalte løpande avdrag og renter, men som ikkje var i stand til å innfri heile obligasjonslånet.
Fristen for å kome med ei børsmelding var 5. juli klokka ni, før børsopning. Dagane før hadde Volstad Maritime gjort avtale med Per Sævik og Havila Holding om at dei skulle skyte inn 300 millionar kroner, og at ein dermed i fellesskap skulle innfri heile obligasjonslånet.

Ingen applaus

Avtalen ville samstundes sikre Havila Holding majoritet i Volstad Maritime, men Volstad-leiinga såg uansett på dette som ei venlegsinna løysing sett opp mot alternativa.
- Her var det ein lokal og langsiktig industriell aktør som gjekk inn som mål om å vidareutvikle selskapet.
- Vi trudde vi skulle få applaus for denne løysinga. Men nei, fastslo Syversen.
Ein av selskapet sine fem bankar sa brått tvert nei.
- Dette var overraskande. Det var ikkje fritt for at vi byrja å få litt konspirasjonsteoriar. Kanskje banken hadde alliert seg med nokre av obligasjonseigarane?

- Ingen tenkte på klynga

To grupper hadde i mellomtida sikra seg negativ kontroll i obligasjonslånet. Den eine parten var eit britisk investeringsfond, som Volstad Maritime hadde hatt møter med, men utan å vite kva planar fondet hadde for investeringa.
- Det var i alle fall ingen der som tenkte på klynga på Sunnmøre. Det var klart.
Men brått kom det inn ein ny aktør som kjøpte seg raskt opp, til høge kursar.
- Vi fekk beskjed frå vener som først hadde fått tilbod om å selje seg ut til 90 prosent av pålydande. Etter å ha sagt nei, fekk dei rett etter tilbod om å selje til 98 prosent.

Trur ikkje det var Røkke

Også denne aktøren kjøpte seg til negativ kontroll, samstundes som det britiske investeringsfondet også handla meir i obligasjonslånet.
Journalist Gerhard Flaten i Sysla ville vite om det var Røkke og Aker som stod bak, på same måten som Aker gjekk inn i eit obligasjonslån til rem Offshore, og til slutt sikra seg kontroll overs elskapet.
- Vi veit ikkje, men vi trur ikkje det var Aker, sa Syversen.
Men kvart på ni 5. juli fekk Syversen beskjed om at også den femte banken var med på opplegget med Sævik, men at det framleis ikkje skulle offentleggjerast kven Volstad Maritime hadde fått inn på eigarsida.
- Det vart nokre nye runder, men alt løyste seg heldigvis til slutt.

- Ein vidopen obligasjonsmarknad

Det vanskelege obligasjonslånet var opphaveleg tatt opp i 2013, og skulle brukast til å refinansiere skipet Bibbi Topaz.
- I 2013 var obligasjonsmarknaden vidopen, sa Syversen.
Men konstruksjonen på dette eine lånet var knytt til garantiar til resten av Volstad Maririme, slik at dei som hadde kontrollen med lånet i praksis også hadde kontrollen med selskapet.

Ulike hattar

Volstad Maritime presenterte undervegs mange planar for bankane, planar som det aldri vart noko av.
- Det virka som at bankane var meir oppattt av andre selskap enn av oss.
- I tillegg var det tydeleg at det var mange ulike hattar i sving.

Mange interesserte

Sævik-familien kom på bana etter at bankane 22. mai rådde selskapet til å få inn ein industriell aktør.
- Fleire var interesserte. Allereie 23. mai sat vi i møter med aktuelle partar samstundes som Nor-Shipping pågjekk.
Syversen rosa Per Sævik og familien.
- Dei snudde seg rundt imponerande raskt. Det er få aktørar som klarer å snu seg rundt på ei veke og kome opp med 300 millionar kroner.

Opnar for børsnotering

Per Sævik og Havila Holding har gjennom ei investering på 300 millionar kroner sikra seg kontrollen på fem store subseaskip, eit dykkerskip og tre seismikkskip.
Samstundes er Havila Holding hovudaksjonær i Havila Shipping, som sjølv har tre subseaskip.
Sævik har tidlegare lufta børsnotering av Volstad Maritime.
I Ålesund var han ikkje så kategorisk, men fastslo at han hadde stor tru på subsea framover.
- Volstad Maritime har ein attraktiv flåte av subseaskip, og vi trur at subseamarknaden vil kome sterkt tilbake når marknaden først snur.
Det var ikkje fritt for at vi byrja å få litt konspirasjonsteoriar

Publisert: 20.09.2017 15:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14