Dramatikk før første slakting
Tre veker før Statt Torsk skulle slakte sin første oppdrettstorsk, sa slakteriet nei.
- Eit stort sjokk, seier dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie i Statt Torsk om meldinga selskapet fekk frå sin potensielle slaktepartnar i fjor haust.
Han ønskjer ikke å opplyse kven som skulle stå for slaktinga, men seier det førte til "betydelege kostnader " at Statt Torsk på kort varsel måtte finne ei anna løysing for å få slakta fisken sin.
Statt Torsk hadde eit underskot før skatt på 28,8 millionar kroner før skatt i 2021 (sjå tabell).
Per Stave
Løysinga var ein langsiktig avtalen med lutefisk-spesialisten Per Stave as ved Leikanger på Stadlandet.
Ei ny slakteline kom på plass i tide, og Brun-Lie rosar både tilsette og samarbeidspartnar for innsatsen.
Les også
I september i år startar selskapet slakting av 3000 tonn oppdrettsproduksjon frå sin første produksjon i full skala.
Frå mai 2023 er målet å kunne levere oppdrettstorsk året rundt.
Målet til Statt Torsk er å produsere 12.000 tonn oppdrettstorsk i året i 2024, men i kvartalsrapporten for 4. kvartal skriv selskapet at det tek lenger tid enn venta å få nye løyve til å drive torskeoppdrett.
Statt Torsk AS | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 8,9 | 5,1 |
Driftsresultat | -28,8 | -5,4 |
Resultat før skatt | -28,6 | -6,0 |
Publisert: 11.02.2022 09:30
Sist oppdatert: 11.02.2022 09:42