STIG Brautaset exord genfors blid foto Ogne Øyehaug
PARTNAR-JA: Sparebank1 SMN og Sparebank1 Søre Sunnmøre slår seg saman. Administrerande direktør Stig Brautaset (biletet) og styret i Sparebank 1 tilrådde fusjon. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ja til bankfusjon

Sparebank 1 SMN og Sparebank 1 Søre Sunnmøre har vedtatt å slå seg saman.

09.11.2022

Like før den ekstraordinære generalforsamlinga i Sparebank 1 Søre Sunnmøre starta kl 18.30, sende Sparebank1 SMN ut børsmelding om at representantskapet i Sparebank 1 SMN hadde sagt ja til samanslåinga.

Klokka 20.15 kom meldinga om at også generalforsamlinga i Sparebank 1 Søre Sunnmøre seier ja. Generalforsamlinga sa ja med 15 mot fem stemmer. Stemmegivinga var skriftleg.

Les børsmelding frå Sparebank1 SMN her

Les børsmeldinga frå Sparebank1 Søre Sunnmøre her

Minst 14 av medlemane i generalforsamlinga til Sparebank1 Søre Sunnmøre måtte stemme for fusjonen, om den skulle bli noko av.

Stig Brautaset Jan Frode Janson Sparebank1 Søre Sunnmøre Sparebank1 S Mn samanslåing foto Ogne
SKAL DELE UT MEIR: Då Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset (t.v.) og Sparebank1 SMN-sjef Jan Frode Janson offentleggjorde fusjonsplanan i juni i år lova dei større utdelingar av midlar til samfunnsnyttige formål i Sparebank1 Søre Sunnmøre sitt område dersom bankane går saman. Foto: Ogne Øyehaug

Styra i dei to bankane varsla 20. juni i år at dei hadde signert ein intensjonsavtale om samanslåing, der Sparebank1 Søre Sunnmøre blir ein del av Sparebank1 SMN.

Sparebank1 SMN har hovudkontor i Trondheim og regionkontor i Ålesund.

Den formelle samanslåinga kan skje tidlegast 1. april, truleg 2. mai trur styreleiar Kjell Arvid Storeide i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Publisert: 09.11.2022 18:45

Sist oppdatert: 09.11.2022 23:01

Mer om