Daa den trygge skipsleia vart ei slagmark
ÅLESUND: Dei siste krigsåra vart folk i mange fjordar vitne til flykampar på nært hald. Her blir 1500-tonnaren «Log» frå Bergen senka utanfor Ålesund i mars 1945. 
Nytt

Då den trygge skipsleia vart ei slagmark

– Forlisa med hurtigrutene er kjende, men alle dei lokale godsrutene og passasjerrutene som også vart bomba er det ikkje skrive så mykje om, fortel forfattar Gunnar Grytås.

07.11.2020
(NPK-Kari Hamre): Krigen i skipsleia langs Norskekysten har lenge vore ei historie i gløymeboka. No tek forfattar Gunnar Grytås den nasjonale forteljinga om dei store tapa i heimeflåten og dei sivile redningsaksjonane fram i lyset. Han vil også heidre ei gruppe sjøfolk som er vist stor urett etter andre verdskrigen.
Skipsleia frå Lindesnes til Kirkenes blir rekna for å vere den tryggaste sjøvegen mellom sør og nord. Slik var det ikkje i krigsåra 1940–45. Då vart leia ei slagmark, og reisene med det som blir kalla heimeflåten, vart noko av det farlegaste folk måtte utsetje seg for. Opp mot 1.300 nordmenn – sjøfolk, passasjerar og fiskarar – omkom i krigsforlis i skipsleia.
Boka «Dødsleia og livsnerven» byggjer på historier frå om lag 20 av dei totalt 237 krigsforlisa – forlis som råka eit kystfolk som var nøydde til å bruke lokalbåtar og hurtigruter i kvardagen. Om bord var kanskje også krigsflyktningar og motstandsfolk, tyske soldatar og sivile gestapoagentar. Saman kjempa dei for å berge livet då torpedoen eller bomba frå britiske eller sovjetiske fly og ubåtar trefte skutesida.
– Forlisa med hurtigrutene er kjende, men alle dei lokale godsrutene og passasjerrutene som også vart bomba er det ikkje skrive så mykje om. Alle skipsforlisa er ein fellesarv for kysten og del av ei nasjonal historie som fleire bør få høyre om, seier forfattar Gunnar Grytås.

Skip under Hitlers kommando

Heimeflåten var dei norske fartøya som var i landet då vi vart okkupert av Tyskland og såleis kom under tysk kontroll. Mange skulle gå i innanriksfart med passasjerar eller gods slik dei alltid hadde gjort.

Ein del av dei største lastebåtane vart bindeleddet mellom Tyskland og Noreg. Desse båtane frakta heim mat og varer som landet måtte ha, men også soldatar og våpen til okkupasjonsmakta.
Dei allierte gjorde det dei kunne for å bryte forsyningslinja Tyskland hadde mellom nord og sør. I snitt vart eit skip i veka angripen av britiske og sovjetiske fly og ubåtar. Med i denne statistikken kom også sivile rutegåande fartøy, som allierte hadde ei meining om at også var under tysk kontroll – noko som ikkje var tilfelle.

Makteslaus regjering?

– Hausten 1940 hevda regjeringa at dei hadde ei forståing med britane om at sivil skipsfart, som alle andre ikkje-militære mål i Noreg, skulle vernast. Men eitt år seinare var det blitt «innlysande» at britiske flygarar ikkje kunne sortere mellom tysk militærtrafikk og sivil, norsk passasjerfart. Mellom linjene var det også innlysande at her hadde den norske regjeringa ingenting dei skulle ha sagt. Og eg trur ikkje britane forstod kor viktig skipsleia faktisk var for kystbefolkninga, seier Grytås.
Den norske regjeringa oppmoda nordmenn om berre i nødstilfelle å reise med skip som segla i same farvatn som dei tyske. Men kva skulle kystfolket gjere når dei ikkje hadde ei alternativ skipslei?
Først mot slutten av krigen prøvde norske styresmakter i London å hindre unødige åtak på sivile norske fartøy, men dei intense åtaka på heimeflåten heldt fram.

Redningsdådar

Krigen i skipsleia førte til store menneskelege tap, men tragedien kunne vorte mykje større hadde det ikkje vore for modige folk som budde langs leia og som drog ut for å hjelpe. Når det stod om liv eller død, var det ikkje spørsmål om ven eller fiende, eller nasjonalitet. Ein skulle hjelpe folk i havsnød.

– Frå dei krigsforlisa som eg fortel om i boka, vart mellom 900 og 1.000 menneske berga opp av sjøen eller henta ut frå bomba og brennande båtar. Dei fleste vart redda gjennom improviserte redningsaksjonar og heltemodig innsats frå sivile. Sjølv om nokre seinare døydde av skadar, er dette likevel eit utruleg høgt tal. Utan denne innsatsen ville talet på omkomne i heimeflåten blitt langt over 2.000 sjøfolk, passasjerar og fiskarar, fortel Grytås.
Han meiner dei store tapa i heimeflåten er ei nasjonal krigshistorie som norske styresmakter i stor grad har lagt lokk på, kan hende fordi regjeringa visste at med eit sterkare initiativ frå deira side kunne mange tragediar vore avverja.
– Det vart ikkje stilt mange kritiske spørsmål etter krigen om handteringa av heimeflåten. Ein var vel også oppteken av å ha eit godt forhold til britane. Derfor vart det ei slags mørklegging av tabbane.

Urettvis stigmatisering

Då freden kom vart uteseglarar og heimeflåten sett på som to ulike sjøfolk-grupper. Uteseglarane frå skipskonvoiane vart tiljubla som avgjerande for at dei allierte vann krigen. Heimeflåten fekk høyre at dei «segla for Tyskland». Slik vart den nasjonale haldninga trekt i tvil for ei gruppe sjøfolk på litt under 10.000 mann, for dei fleste utan grunn. Men stempelet vart hengjande ved dei, også i det økonomiske oppgjeret etter krigen. Statusen som krigsseglar vart reservert som adelsmerke for sjøfolk frå uteflåten.

– Det vart skapt ei oppfatning av at det hefta noko unasjonalt ved heimeseglarane. Slik vart uteseglarane dei store heltane i den norske handelsflåten. Det var dei som hadde levert det viktige norske bidraget til den allierte sigeren. Heimeseglarane fekk aldri oppnå den statusen det var å kalle seg «krigsseglar» med medlemskap i Krigsseilerforbundet, fortel Grytås.
Politiske styresmakter har dei siste tiåra sagt seg leie for den uretten som mange krigsseglarar har opplevd, både når det gjeld økonomisk oppreising og anna nødvendig hjelp. Gunnar Grytås meiner likevel at det stadig er uteseglarane det handlar om når det kjem ei offisiell orsaking for gamle feilgrep på dette området.
– Om det er vanvare, manglande kunnskap eller ein diskré måte å understreke at rangordninga frå 1945 er uendra, får vere det same. Eg synest uansett det er pinleg, seier Gunnar Grytås.
(©NPK)

Publisert: 07.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04