Lene Trude Solheim NHO regionkonferanse 2025 foto Ogne
FORLIK: NHO-direktør Lene Trude Solheim vil ha skatteforlik og andre breie politiske forlik som sikrar næringslivet føreseielege og gode rammevilkår. Foto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

Tutti frutti eller kraftfullt samarbeid?

Vi ventar handling, skriv regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal etter Stortingsvalet.

13.09.2025

Valet er over, og resultatet er klart: Det blir framleis raudgrønt fleirtal og ei mindretalsregjering med Arbeidarpartiet i førarsetet. Nokon kallar det raudgrøn røre, andre tutti frutti. Uansett kva ein kallar det – no byrjar den verkelege jobben. både for Regjeringa, Stortinget og for oss i næringslivet.

Valet vart avgjort med små marginar og taktisk stemmegiving. Det viser kor mykje kvar stemme betyr – spesielt for oss i distrikta, der rammevilkår avgjer om vi kan skape eller stagnere. MDG kom over sperregrensa med berre 19 000 stemmer. Ifølgje NRK stemte 75 % av veljarane deira taktisk – ikkje nødvendigvis for noko, men mot noko.

Regjeringa skal styre med støtteparti som dreg i kvar si retning. MDG vil avslutte oljeleiting og bygge fleire kablar. Senterpartiet og Raudt vil kutte kablar og halde EU på avstand. I fordelingspolitikken vil dei dra Ap mot venstre. Det kan bli krevjande å finne ein felles kurs – både i energipolitikken, skattepolitikken og i forholdet til Europa.

Midt i det politiske spelet står vi i den verkelege kvardagen. Møre og Romsdal er eit blått fylke, der fem av åtte representantar på Mørebenken no kjem frå borgarleg side – mot tre før valet. 

Vi har eit internasjonalt næringsliv som toppar eksportstatistikken per innbyggjar. Lokalt eigarskap har gjennom generasjonar bygd samfunn, arbeidsplassar og velferd – ikkje med milliardærar, men med skaparkraft og ansvar. 

I tillegg har vi solide internasjonale aktørar som bidreg til vekst, utvikling og arbeidsplassar. Bedriftsleiarar og tillitsvalde samarbeider godt, og avstanden mellom aktørane er liten og tilliten er stor.

Verda rundt oss er i endring. Trump splitter Vesten. Putin, Kim og Xi samlast i aust. Krigane og lidingane i Ukraina og Gaza held fram. I ei slik tid treng vi eit sterkt og konkurransedyktig næringsliv – som grunnmur for lokalsamfunn, arbeidsplassar og velferd.

Difor må vi finne saman i skatteforlik og andre breie politiske forlik som sikrar næringslivet føreseielege og gode rammevilkår. Det mest positive med årets valkamp? At næringsliv og verdiskaping kom tydeleg på dagsorden. Det har vore mykje snakk om formuesskatt, ja – men då må vi spørje: Kvifor det? Politiske prioriteringar, skatt og insentiv påverkar verdiskaping og arbeidsplassar direkte. Byråkrati og regelverk kveler initiativ, vilje og evne til å skape nye produkt og tenester – og til å utvikle nye verksemder. 

Vi treng mindre polarisering og meir realitetsorientering i norsk politikk. Vi må ikkje gløyme at vi må skape før vi kan fordele.

Publisert: 13.09.2025 07:19

Sist oppdatert: 13.09.2025 07:19