Andre Klevberg 1904 foto marius 1
Hotelldirektør André Klevberg nyt utsikta frå si dyraste suite. For ei natt her må gjestane legge 20.000 kroner på bordet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

I mål etter seks års ombygging

Hotel 1904 er ferdig med rehabiliteringa. Så kva passar betre enn eit par nye prosjekt. Årets resultatoversikt for hotella i nordvest.

12.09.2025

Hotellnæringa på Sunnmøre har lagt bak seg tidenes sommar. Det har ein ikkje minst merka i Ålesund, som får stadig større merksemd som turistmål for internasjonale gjestar med tjukke lommebøker.

– Det er berre å sjå på alle luksus-yachtane som har lege i hamna her i sommer seier hotelldirektør André Klevberg ved Hotel 1904 til Nett No.

I fjor fekk hotellet sitt første plussresultat før skatt sidan dei starta den omfattande rehabiliteringa.

  • Sjå resultatoversikt for hotellbransjen under

Statusheving
Det har gått seks år sidan Gunnar Haagensen ba arkitekt-paret Klevberg og Åse Stensvaag om hjelp til å oppgradere og revitalisere det tradisjonsrike - men loslitne, Hotel Scandinavie i Ålesund sentrum. 

Sidan då har driftsinntektene blitt stødig sterkare, frå rundt 15 millionar kroner i 2018 til vel 37 millionar i fjor.

Byens eldste hotell har gjenvunne sin gamle status, og fått ein «it»-status blant visse grupper, både av tilreisande og fastbuande - truleg med drahjelp frå eit visst prinsessebryllaup i fjor.

Gjestar med betalingsvilje
– Økonomisk sett er det romdøgn det handlar om når du driv hotell. Antal overnattingar er det som avgjer inntektene. Det er vanskeleg å få høge marginar på restaurantdrift, men for å trekke gjestar må du også ha alle desse fasilitetane rundt, forklarar Klevberg. 

– Vi har ikkje mange fleire rom, eller overnattingar enn før - men vi har klart å auke enormt på pris.

Då dei tok over drifta kosta ei overnatting rundt 490 kroner. Prisen på eit standard dobbeltrom er i dag det femdoble.

For ei natt i den største leilegheit-suita, må gjestane legge 20.000 kroner på disken. 

– Nokon av gjestane her er nesten ikkje på romet ein gang. Dei brukar heile dagen på fjorden, og så kjem dei inn hit for å sove og ete frokost, bemerkar Klevberg.

Andre Klevberg 1904 foto marius 2
HEIT SOMMAR: Ålesund-hotella har hatt ein god sommar og denne veka var samtlege senger i byen booka. Også plantene har hatt ein heit sommar og hotelldidrektøren nytter høve til å vatne. Foto: Marius Rosbach

Ta vare på folka
– Kva er nøkkelen bak suksessen?

– Det er noko med at vi er eit frittståande hotell. Det har gitt oss friheit til å utvikle hotellet slik vi sjølv vil. Og vi er så heldige å ha eigarar som har kapital og vilje til å takle problem som dukkar opp.

– På den andre sida skal du også klare å markere deg hvis du skal ha sjanse til å konkurrere med store kjeder med reklamekampanjer og bonusavtalar.

Klevberg understrekar likevel at den største suksessfaktoren er å finne - og behalde dei rette folka. 

– Ein annan hotelldirektør bemerka at det er enkelt å pusse opp, helsikes vanskeleg å finne folk som kan å drive det. Det sitatet heng i veggane her.

Ein annan hotelldirektør bemerka at det er enkelt å pusse opp, helsikes vanskeleg å finne folk som kan å drive det
André Klevberg

Konferansesal og treningsrom
Arkitektparet sine opprinnelege ombyggingsplanar for hotellet var i boks ved påsketider.  Men i prosessen har det også dukka opp nye idear og moglegheiter. 

På ei takterrasse som tidlegare var okkupert av eit ventilasjonsanlegg vil det i staden bli konferansesal med plass til 100 personar, og treningsrom skal byggast i eit lokale i eit tilstøytande bygg.

Hotel 1904 uteomrade foto marius
NYE PROSJEKT: Ved å flytte eit ventilasjonsanlegg og ledige lokale i tilstøytande byggnadar, skal gjestane snart få tilgang til treningsrom, konsertscene og konferansesal for 100 personar. Foto: Marius Rosbach

Prinsesse-effekten
Klevberg legg ikkje skjul på at fjorårets kjendis-bryllaup ga ein solid dose gratisreklame til både hotellet og Ålesund, i form av massiv internasjonal pressedekking. 

Mange let seg fascinere av at verdskjendisar kunne slentre relativt uforstyrra rundt i byens gater.

– Vi fekk umiddelbart telefonar frå folk som lurte på om vi tok på oss andre bryllaup. Og vi har sjølvsagt ingenting imot å leige ut heile hotellet, vi.

– Nokon spesielle nasjonalitetar som peikar seg ut?

- Ein del amerikanarar har fanga det opp. Vi reknar med at den effekten vil forsterke seg når Netflix-dokumentaren kjem denne veka.

Hotel 1904 fasade foto Marius
RESTAURERT: Hotel 1904 er oppgradert frå topp til tå i løpet av dei siste åra. Hotelldirektøren legg vekt på at dei har kvalitetstilbod i nabolaget. Foto: Marius Rosbach

Fjord, fjell og design
– Har de klart å finne formelen for å lokke turistar som ikkje berre et og søv om bord i eit cruiseskip?

Stadig fleire oppdagar at Sunnmøre og Ålesund er meir enn fjord og fjell. Men hvis du vil ha gjestar til å bruke tre dagar her i byen, så må du ha meir enn gode hotell å by på. Byen og distriktet har utvikla seg i fellesskap, med ein stor variasjon av tilbod med lokalt tilsnitt og som kan fenge internasjonalt. 

For oss er det viktig at vi har mange kvalitetstilbod rundt oss som vi kan anbefale til gjestane, alt etter kva dei er interesserte i. Butikkar, museum, naturtilbod, guida joggeturar, ein god vinbar borti gata, eller til og med ein god restaurant hjå ein konkurrent. 

Ved å stå utanfor dei store hotellkjedene står ein friare til å utvikle sine eigne konsept og idear, meiner den dagleg leiaren.

Andre Klevberg 1904 foto marius 3
FRIARE: Ved å stå utanfor dei store hotellkjedene står ein friare til å utvikle sine eigne konsept og idear, meiner hotelldirektør og dagleg leiar André Klevberg. Foto: Marius Rosbach

– Vi har eit langsiktig mål
I 2024 hadde Hotel 1904 rundt 30 prosent vekst i driftsinntektene som landa på 35,7 millionar kroner - meir enn ei dobling frå 16,1 millionar i 2019. 

For 2025 ligg dei allereie godt foran skjema. 

– Vi har eit langsiktig mål, og er mindre opptekne av å hente ut forteneste. Vi ønskar at hotellet skal vokse organisk, med mål om å bli eit selskap med solid drift og eit markant og stabilt overskot. Det har vi for fyrste gang vore så heldige å oppleve i sommar, seier Klevberg.

Dei største veks
Årets Nett No-barometer for hotellbransjen på Nordvestlandet viser at det store fleirtalet av dei 15 største hotellselskapa hadde ein til dels kraftig inntektsauke i 2024. 

  • Sjå resultatoversikt for hotellbransjen under

Kun to opplevde nedgang  men heller ikkje der var det snakk om dramatiske fall.  

Dei fleste har hatt svært gode inntekter, men mange har også sett i gang større oppgraderingar, som trekk ned sluttresultatet.

Magert overskot
Samla sett omsette hotella i distriktet for  1,4 milliardar - 108 millionar kroner meir enn i 2023. 

Det er ei auke på over 8,1 prosent. Av dei 43 hotella på lista, var det kun 7 som hadde negativ inntektsvekst. 

Likevel kunne berre halvparten vise til positiv driftsmargin i 2024. Samla enda bransjen opp med eit overskot før skatt på skarve 1,3 millionar kroner frå ei omsetning på 1,4 milliardar. Det gir ein resultatmargin på 0,1 prosent.

Mykje av årsaka ligg i at eigarane ofte vel å bygge opp verdiane gjennom eigne eigedomselsskap.

Hotelldrift-selskap på Nordvestlandet     
Tal i mill. Kroner     
      
      
SelskapDriftsinntekter Resultat før skatt Resultatmargin
 20242023202420232024
      
Hotel Alexandra as183,9175,12015,310,90 %
Hotel Union Geiranger as142,9131,9-2,77,8-1,90 %
Hotel Brosundet Bryggen as11292,6-13,3-6,3-11,90 %
Hotelldrift Ålesund as (Scandic Parken Hotel)100,495,72,53,62,50 %
Hotel Ålesund as (Quality Hotel Waterfornt)81,171,62,70,93,30 %
Hotel Union as (Hotel Union Øye)58,446,3-10,9-18,9-18,70 %
Storfjord Hotel as56,251,3-0,1-3,3-0,20 %
Sbg7 Drift as (Quality Hotel Ålesund)55,7533,24,15,70 %
Hotel Ulstein as (Quality Hotel Ulstein)48,945,51,31,32,70 %
Geiranger Hotelldrift as (Geiranger Hotel)40,938,2-4,1-3,4-10,00 %
Grand Drift as (Grand Hotel Bellevue)40,641,34,35,310,60 %
Molde Fjordstuer as38,840,10,61,31,50 %
Hotel 1904 as35,729,80,1-0,30,30 %
Hotel Loenfjord as35,130,42,62,87,40 %
Gloppen Hotell as31,731,1-2,8-2,9-8,80 %
Hotel Noreg as31,327,70,60,11,90 %
Knutholmen as2933,22,32,47,90 %
Nordfjord Hotell Drift as (Nordfjord Turisthotell)26,825,70,61,32,20 %
Hotell Ivar Aasen as26,124,1-1,4-3,1-5,40 %
Spjelkavik Hotelldrift as (Thon Partner Hotel Baronen) 21,419,71,21,35,60 %
Stryn Hotel as20,820,72,7313,00 %
Grande Fjord Hotel og Hytter as (Grande Fjord Hotel)20,217,7-2-0,5-9,90 %
Vestnes Fjordhotell as16,517,81,619,70 %
Valldal Fjordhotel Drift as (Valldal Fjordhotel)15,215,501,1-0,20 %
Måløy Hotelldrift as (Thon Hotel Måløy)15,114,20,71,14,60 %
Stranda Hotelldrift as (Stranda Hotel)13,78-2,40,1-17,50 %
Bremanger Fjord Hotell as (Svelgen Hotel)12,911,80,50,93,90 %
Hotel Aak as11,710,60-1,2-0,30 %
Sagafjord Drift as (Sagafjord Hotel)11,411,2-0,8-0,7-7,00 %
** Sunde Fjord Hotel as12,411,40,80,96,40 %
Stad Hotell as (Furubuda Logde) 11,210,9-5,9-4,8-52,70 %
Olden Fjordhotell as11,1100,6-0,55,40 %
Brattvåg Fjordhotell as10,611,1-1,2-0,4-11,30 %
Villa Utsikten as (Hotel Utsikten Geiranger)9,790,70,87,20 %
Blåtind Hotel as9,39,9-0,30,3-3,20 %
Hjelle Hotel as8,87,61,20,313,60 %
Visnes Hotel Stryn as (Visnes Hotel)8,58,30,10,11,20 %
Raftevold Hotel as (Havia Raftevold Hotel )8,58-2,6-2-30,60 %
Innvik Fjordhotell Misjonshotell as (innvik Fjordhotell)7,76,7-0,1-0,4-0,60 %
Aursnes Hotell as (Aursnes Hotel og Fjordsuer)4,84,80,81,916,70 %
Frich´s Hotel Åndalsnes as2,62,40,30,311,50 %
Midsund Gjestestove as 1,71,6-0,2-0,4-11,80 %
Sentrum Hotell as1,51,50-0,1-2,70 %
      
      
SUM1442,81335,31,29,10,10 %
      
Volda Turisthotell as* 6,3 -0,4 
      
Hotell utan offentleg tilgjengleg rekneskap      
Thon Hotel FosnavågAvd i Rainbow Hotels as    
Thon Hotel ÅlesundAvd i Thon Hotels as    
Juvet LandskapshotellKnut Slinning ENK    
Scandic Alexandra ModleAvd i Scandic Hotels    
Scandic Seilet Avd i Scandic Hotels    
Thon Hotel MoldefjordAvd i Thon Hotels as    
      
*Har ikkje offentleg tilgjengleg rekneskap for 2024 ved publisering av artikkelen     
** Tal oppdatert 19.09.2025.     

Publisert: 12.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 10.11.2025 18:04

Mer om