Salmon Evolution Dalfjorden foto Salmon Evolution
VOLDA: Salmon Evolution sitt anlegg i Dalsfjorden i Volda er mellom anlegga der Miljødirektoratet oppdaga brot på regelverket. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Dårleg utsleppskontroll ved settefiskanlegg

Ein rekke anlegg på Nordvestlandet var mellom dei som hadde brot på regelverket.

Marius Rosbach
07.05.2025

(NPK-NETT.NO): Ni av ti anlegg for akvakultur på land som Miljødirektoratet kontrollerte i fjor, hadde brot på regelverket.

Fleire av brota var alvorlege og aktørane er pålagt å rette opp feila.

– Landbaserte anlegg for fiskeoppdrett blir både fleire og større. Dei gir fysiske inngrep i naturen og har store utslepp til sjøen. Tilsyn viser at mange av verksemdene ikkje har god nok kontroll på utsleppa. Vi forventar at dei rettar brota så raskt som mogleg, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Ein rekke avvik på Nordvestlandet
Ein rekke settefiskanlegg på Nordvestlandet er mellom dei som hadde avvik:

Måsøval Vartdal i Ørsta - manglar knytt til utsleppskontroll, ikkje tilfredsstillande handtering av farleg avfall og miljørisikovurdering var mangelfull. 

Mowi avdeling Dravlaus i Volda – ikkje overhalde reinsekrav og resultat frå miljøundersøking er ikkje risikovurdert. 

Hjelvik Settefisk i Vestnes – produksjon av større settefisk enn løyvet gir og avlaupsrøyr låg for nært land

Hjelvik Matfisk i Vestnes - reinseanlegget var ikkje i drift og manglar knytt til utsleppskontroll. 

Norsk Oppdrettsservice i Molde – har ikkje utsleppskontroll, mangelfull miljørisikovurdering og beredskapsplanen var utdatert. 

Salmon Evolution Dale i Volda – rutinane for farleg avfall var ikkje gode nok.

Sande Settefisk i Sande - manglar knytt til utsleppskontroll. 

Kontrollerte ein firedel av alle anlegg
Forureiningsstyresmaktene ved 10 statsforvaltarar kontrollerte i fjor 77 landbaserte akvakulturanlegg, som er ein firedel av alle anlegga i landet. Miljødirektoratet koordinerte tilsynsaksjonen. Kontrollane vart særleg gjennomførte som uvarsla eindagsinspeksjonar.

68 av dei 77 kontrollerte verksemdene hadde brot på forureiningsregelverket. Til saman vart det registrert 261 brot på regelverket, 34 av desse var alvorlege.

Tre av fire verksemder mangla tilfredsstillande utsleppskontroll. Ein femdel braut krav knytt til reinsing av utslepp. 50 av anlegga hadde mangelfull internkontroll.

Det er stor variasjon i bransjen. Halvparten av alle brota vart registrerte hos 25 prosent av dei kontrollerte anlegga. 

Les rapportene her (ekstern lenke)

(©NPK)

Publisert: 07.05.2025 11:27

Sist oppdatert: 07.05.2025 11:28

Mer om