Tore Roaldsnes foto Ogne
FABRIKK-LEVERANDØR KONKURS: Bluewild-sjef Tore Roaldsnes valde islandske Skaginn som levererandør av fabrrikken til trålaren Ecofive. I sommar gjekk Skaginn-konkurs og Roaldsnes og verftet måtte forhandle med bustyret for å få den delen av fabrikken som enno ikkje var levert. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ecofive-fabrikken er sikra

Bluewild og Westcon Yards fekk avtale med bustyret etter Skaginn-konkursen.

09.09.2024

Då det islandske selskapet Skaginn gjekk konkurs i sommar mangla framleis kontrollsystemet til fabrikken dei skulle levere til trålaren Ecofive.

90 prosent av fabrikken var allereie på plass, men fiskerbåtreiarlaget Bluewild i Ålesund og Westcon-verftet som utrustar båten, måtte starte forhandlingar med bustyret om å få ut resten.

Den naudsynte avtalen med bustyret kom på plass for eit par veker sidan og det som mangla for å gjere fabrikken ferdig er no på veg til Noreg, seier Bluewild-sjef Tore Roaldsnes.

Tapt garanti
Sjølv om fabrikkleveransen er sikra, kjem ikkje Ecofive skadefrie ut av Skaginn-konkursen.

– Garantistillelsen vi hadde, den er tapt, seier Roaldsnes.

Når det gjeld framtidig vedlikehald og reparasjonar på fabrikken seier han at Bluewild basere seg på tidlegare tilsette i Skaginn.

Bluewild skal ta over trålaren Ecofive 31. oktober i år. Skroget er bygd i Tyrkia og skullle opphavleg kome til Westcon for utrustning i årsskiftet 2022/2023, men kom først i oktober 2023.

Baader-eigd
Den tyske fiskeindustri-utstyrsprodusenten Baader kjøpte ut alle aksjonærane og blei eineeigar i Skaginn i 2022, men gjekk ikkje inn og hindra konkursen.

– Eg er veldig forundra over at Baader gjorde det på denne måten, seier Roaldsnes.

Årets skip
På Nor Shipping-messen i fjor blei Ecofive kåra til årets skip.

Ulstein Design & Solutions har designa fartøyet, som er det første fiskefartøyet som har vunne prisen.

Publisert: 09.09.2024 05:00

Sist oppdatert: 12.12.2024 14:34

Mer om