Tore Roaldsnes foto Marius 22
ÅRETS SKIP: Bluewild-sjef Tore Roaldsnes tok tysdag i mot pris for trålaren han truleg får levert frå Westcon tidleg neste år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Heilt uaktuelt å bygge i utlandet

Tore Roaldsnes har jobba i snart 20 år med trålaren som er årets skip. Han hadde ikkje tørt å bygge noko anna plass enn i Norge.

Marius Rosbach
07.06.2023

Kåringa av årets Ship of the Year er eit av høgdepunkta på Nor-Shipping-messa. Tysdag var det klart at trålaren «Ecofive» vart årets vinnar.

Reiar Tore Roaldsnes i Bluewild har jobba med prosjektet i snart 20 år og ein rekke lokale leverandørar bidreg til det snart ferdige skipet.

Skroget er nesten ferdig og blir sjøsett frå verftet i Tyrkia i slutten av juni. Etterpå blir det slept til Westcon-verftet i Ølen som skal starte utrustinga over sommaren.

- Det var heilt uaktuelt å bygge i utlandet, seier Roaldsnes til NETT NO om valet om å utruste skipet ved eit norsk verft.

Nor Shipping folk årets skip foto marius 11
FOLKSAMT: Mange ville få med seg utdelinga av Ship of the Year-prisen fra Skipsrevyen på messa tysdag. Foto: Marius Rosbach

Mindre risikabelt å bygge i Norge
Den drygt 73 meter lange trålaren blir omtala som ein ny type fiskebåt som skal vere meir energieffektiv og utnytte meir av fangsten, enn ved tradisjonelt fiske.

Roaldsnes fortel at det var uaktuelt å sluttføre eit slikt prosjekt i utlandet. Truleg ville ikkje bankane gått med på det heller – fordi risikoen ville vore høgare.

- Gjennomføringsrisikoen er antatt å vere lågare ved å bygge i Norge. Å krangle med ein ulsteinvikar eller ein rogalending er ein ting, men å gjere dette i utlandet hadde eg ikkje tørt, seier han.

Dei har óg fått støtte på nær 50 millionar frå Nox-fondet og Enova i utviklingsarbeidet.

Etter planen skulle trålaren vere ferdig i løpet av året, men den tidsplanen vil ryke – og Roaldsnes reknar med at dei får skipet overlevert ein gong på nyåret 2024.

Årets skip gruppefoto foto Westcon Svein Egil Økland
KONGELEG DELTAKING: Kronprins Haakon var til stades då fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran delte ut prisen til årets skip til verft, reiar og designarar. Foto: Westcon/Svein Egil Økland

Store saktegåande propellar avgjerande
Finnøy Gear & Propeller er mellom leverandørane om bord som skal levere propellar og gir.

Roaldsnes fortel at det var Nils Elling Finnøy som pensa reiarlaget inn på store saktegåande propellar som løysing for å kutte drivstoff for meir enn ti år sidan.

- Det er einaste måten å auka energieffektiviteten for eit fartøy som skal slepe tungt, seier Roaldnes.

Undervegs har dei mellom anna testa to skipsmodellar for å finne ut kva som var den beste løysinga.

Bluewild Ulstein Design Solutions
FØRSTE FISKEFARTØY: Trålaren «Ecofive» er det første fiskefartøyet som vinn prisen Ship of The Year. Skipet skal kunne kutte forbruk av drivstoff og utslepp med minst ein firedel. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

Håpar på fleire Ulstein-design i fiskeflåten
Valet av design fall på Ulstein Design & Solutions sin X-Bow, som har vorte ein «slager» i offshore- og havvindmarknaden. «Ecofive»-trålaren blir den første i fiskeflåten med designet frå Ulsteinvik.

Roaldsnes fortel at designarane Per Olav Brett og Bjørnar Hatløy i Ulstein Group var sentrale i arbeidet.

Han håpar det blir selt fleire Ulstein-design til fiskerimarknaden og ser gjerne at leverandørane får vere med på nye prosjekt ute i verda.

Skal fiske kvitfisk og reker
Førebels er det for tidleg å tenke på fleire fartøy for Bluewild-reiarlaget. Først ser Roaldsnes fram til å ta i bruk den nye trålaren og få erfaring frå drifta.

Reiarlaget har kvote på torsk og anna kvitfisk i tillegg til reker.

Det er Evotec i Ulstein som har oppdraget med vinsjar og fangstteknologi, saman med Cflow i Sula som står for anlegget som handterer og lagrar fisken.

NETT NO har tidlegare omtala korleis fisken frå den nye trålaren skal leverast på kaia klar til å pakkast i forbrukarpakningar.

Publisert: 07.06.2023 11:31

Sist oppdatert: 01.05.2024 00:33

Mer om