Terje Sporsem scena foto havar gjestvang
30 ÅRS-JUBILEUM: Gjennom tre tiår har Terje Sporsem opparbeida seg solid erfaring og økonomi gjennom humorverksemda si. Ålesundaren har tilsett kona til å ta seg av det praktiske i driftsselskapet MacGyver Entertainment. Foto: Håvar Gjestvang
Nytt

– Eg har alltid gjort det eg synest er gøy

Humor og investeringar løner seg for Terje Sporsem. Komikaren meiner det smartaste han har gjort, er å ha gode folk rundt seg.

Marius Rosbach
17.01.2026

Selskapet til Terje Sporsem er oppkalla etter den legendariske tv-karakteren Angus MacGyver, action-helten som har ei eiga evne til å løyse utfordringar på smarte vis. 

Om ein ser på korleis Ålesund-komikaren har organisert forretningsverksemda, kan ein mistenke at han har lete seg inspirere. 

– Advokaten min sa veldig tidleg: Lag ein konsernstruktur med ein gong. Om du då gjer ei investering og dei ikkje «kickar» inn, så slepp du å sette i fare alt du held på med, seier Sporsem til Nett No. 

Kort om Terje Sporsem

Same år som Terje Sporsem kan markere 30 år i humorbransjen, er 49-åringen aktuell med med showet «Høy og mørk» med John Brungot.

Ålesundaren er busett på Kolbotn og gift med Katrine Myrenget, som er produksjonsleiar og tilsett i driftsselskapet MacGyver Entertainment. 

Via morselskapet Sporsem Holding er han mellom anna medeigar i Løvenvold Theater i Ålesund. 

Sporsem har tidlegare sett opp soloførestillingane «Mitt liv som Terje» (2007), «Krig» (2012) og «Religion» (2017).

Han har óg vore med på ei rekke tv-program – seinast realityserien «Kode Rød» på NRK.

(kjelder: Intervju, Wikipedia, NRK)

– Det er ein skjør greie
Ålesundaren som i 2026 markerer 30 år i bransjen, har lært eitt og anna om korleis han kan leve av å «forvalte midt-på-treet-vitsar», som han sjølv seier.

– Eg har alltid gjort det eg synest er gøy, er det første Sporsem svarar på spørsmålet om korleis han har tenkt kring businessen med å drive i humorbransjen. 

– Det ligg eigentleg ikkje så mykje anna bak enn hardt arbeid og vitsar som treff publikum. Det er ein skjør greie, men gjennom 30 år har eg gjort meg nokre erfaringar, seier han. 

Det ligg eigentleg ikkje så mykje anna bak enn hardt arbeid og vitsar som treff publikum
Terje Sporsem

Kraftig inntektsauke
Når ein ser på strukturen i verksemda til Terje Sporsem, er det lett å sjå at han har tenkt gjennom det han held på med. 

MacGyver Entertainment som driftsselskapet heiter, har hatt ei kraftig inntektsauke i løpet av dei siste åra. I 2024 omsette selskapet for heile 10,8 millionar kroner – eit solid hopp frå 6,4 millionar i 2024 – og i overkant av 4 millionar i året føre. 

Lønnsemda har samtidig vore på eit nivå som dei fleste selskap ville misunne dei (sjå tabell under). Det har også gjort at det er bygd opp ein solid eigenkapital i morselskapet Sporsem Holding. 

Tala for 2025 er ikkje klare enno, fortel han. 

MacGyver Entertainment AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt10,86,4
Driftsresultat3,82,7
Resultat før skatt3,82,7

Strålande kritikk for nytt show
Forklaringa på inntektsauken er enkel, ifølgje Sporsem. 

– Viss vi er heldige og har eit show som funkar, så går omsetninga opp, seier han. 

Sporsem har tidlegare hatt fire soloshow, samtidig som han har vore fullt oppteken med alt frå tv-jobbar og andre arrangement.  

– Det har vore ei ganske markant auke i publikum og merksemd, samtidig som NRK har vist dei tre siste showa og eg har vore meir synleg i media generelt, seier han. 

Terje Sporsem John Brungot scena foto presse
NYTT SHOW: Terje Sporsem og John Brungot har hausta strålande kritikk for showet «Høy og mørk» som mellom anna kjem til Løvenvold Theater i Ålesund til hausten. Foto XX

For augneblinken er han i gong med showet «Høy og mørk» saman med John Brungot – som har hausta strålande meldingar. Per i dag har dei planar om nytte dei neste par åra til å gjere showet rundt om i landet. 

– «Pipelinen» ser bra ut, seier Sporsem. 

– Har lært å ha gode folk rundt meg
MacGyver Entertainment er både produksjonsselskap for Sporsem sin verksemd, samtidig som dei bookar andre artistar. 

– Også har eg vore smart og tilsett kona som har lang erfaring frå bransjen tidlegare. Eg er gjerne den kreative som kjem opp med idear – også fortel ho om det er mogleg å gjere, fortel han. 

– Eg har lært å ha gode folk rundt meg. Om det er noko eg sjølv ikkje er god på, så «outsourcer» eg den delen av jobben. Det er nok det smartaste eg har gjort, legg han til.

Løvenvold Are Kalvø Kathrine Synnes Finnskog Terje Sporsem Hilde Marie Kjersem show foto løvenvold
ÅLESUND-SHOW: Terje Sporsem, Hilde-Marie Kjersem og Are Kalvø stod sammen på scena ved Løvenvold Theater i fjor. Her er trioen saman med Løvenvold-sjef Kathrine Synnes Finnskog. Foto: Løvenvold Theater

Sporsem fortel at det har vore ei veldig profesjonalisering i bransjen dei siste tiåra. I starten fekk komikarane gjerne betalt kontant, og dei færraste tenkte på selskapsorganisering og trygg økonomisk styring. 

– Profesjonaliseringa av humorbransjen er det i stor grad Eline Krantz som skal ha æra for, med hennar oppbygging av Standup Norge. Det vart eit skilje der mange starta å tenke business rundt det dei heldt på med, forklarar han. 

Trivast med investeringar
I tillegg til å drive med humor har komikaren fatta interesse for investeringar.

– Eg har investert i alt frå krypto og hest, til eigedom og medisinske selskap. Eg investerer sjeldan meir enn eg har råd til å tape, og har lært meg å ikkje gråte over spilt mjølk, seier han. 

Sporsem fortel at han helst investerer i ting han synest er kjekt å drive med – og mykje har med underhaldning å gjere. Samtidig er han ein av fleire aksjonærar frå humorbransjen som har gått inn i Ålesund-selskapet Pharma Nordic.

– Gjennom MacGyver Entertainment bruker vi også mykje tid på å hjelpe nye talent opp og fram. Det synest vi er veldig gøy og for augneblinken jobbar vi mellom anna med Cecile Moroni og Marius Thorkildsen, seier Sporsem. 

I slike tilfelle er gjerne det å dele erfaringar vere vel så viktig som å bidra økonomisk, påpeiker han. 

Publisert: 17.01.2026 05:00

Sist oppdatert: 16.01.2026 21:47

Mer om