Erna solberg foto NTB juni 2021
MØTTE PRESSA: Statsminister Erna Solberg (H) summerte opp det siste halve året fredag. Foto: Hanna Johre / NTB / NPK
Nytt

– Eg har ikkje tenkt å gi meg

Erna Solberg om mogleg regjeringsskifte.

25.06.2021

(NPK-NTB-Idunn Lavik og Eirik Husøy): Trass i dårlege meiningsmålingar den siste tida er statsminister Erna Solberg (H) kamplysten før det kommande valet.

Solberg møtte fredag pressa for å summere opp det siste halvåret på taket til det nye Nasjonalmuseet i Oslo, som endå ikkje har opna for publikum.

Der konfronterte ho pressa som har skrive om dårlege målingar for dei borgarlege partia etter åtte år i regjering.

– Eg les i avisa at pressa førebur Noreg på eit regjeringsskifte. La meg seie det slik: De har teke feil før, seier Solberg.

Regjeringsslitasje
– Eg har ikkje tenkt å gi meg. Eg meiner resultata frå dei siste åra er gode, og at vi har svart på dei utfordringane Noreg står føre. Eg meiner ei regjering styrt av Høgre er det landet treng for å få fart på Noreg, og eg ser fram til å drive valkamp, sa ho.

Veljarane ser ikkje ut til å vere like fornøgde med regjeringa som regjeringa er med seg sjølv.

Dei siste månadene har det på meiningsmålingar vore eit solid raudgrønt fleirtal. Høgre og Frp har slite, og regjeringspartnarane KrF og Venstre ligg godt under sperregrensa.

Solberg trur det handlar om å vere synleg i saker som er viktige for partiet, saker som har vorte overskygde av pandemien. Etter åtte år ved makta byrjar det òg å bli regjeringsslitasje.

– Når ein sit i regjering, så er ein ansvarleg både for alle dei gode tinga, men også for tinga som er litt vanskelege, og det som irriterer folk. Regjeringa har større evne til å irritere enn opposisjonen, rett og slett fordi vi gjennomfører faktiske ting, sa ho.

Godt mobiliseringsgrunnlag
Det er framleis to månader til valet, men kommentatorar og analytikarar har i aukande grad ytra mindre sjanse for ei ny borgarleg regjering til hausten.

Solberg sjølv meiner det er 50–50. Ho trur det er mobiliseringsgrunnlag for alle dei fire partia i det borgarlege prosjektet.

– Og så har vi ikkje tenkt å gi oss utan sterk kamp, sa ho.

I tillegg til valmoglegheiter og regjeringsslitasje, brukte Solberg halvårsoppsummeringa si til mellom anna å snakke om investeringane regjeringa hadde i nye byggjeprosjekt for sjukehus og vegar, korleis regjeringa omstiller Noreg til det grøne skiftet og satsinga til regjeringa på lærarar og utdanning.

(©NPK)

Publisert: 25.06.2021 15:07

Sist oppdatert: 25.06.2021 16:11

Mer om