Tina bru foto ntb npk 11 jpg
VENTAR DEBATT: Olje- og energiminister Tina Bru trur energipolitikken vil halde fram med å skape debatt etter kvart som meir og meir av samfunnet blir elektrifisert i åra framover. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Nytt

– Det kjem til å vere ein av dei heitaste debattane

Bru ventar meir bråk om kraftutbygging.

11.06.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes): «Monstermaster». Elektrifisering. Vindkraft på land. Noreg har ubehagelege vegval føre seg når dei grøne industrieventyra skal realiserast.

Fredag la statsminister Erna Solberg (H) og olje- og energiminister Tina Bru (H) saman fram stortingsmeldinga til regjeringa «Energi til arbeid».

Temaet er langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Og ifølgje Bru skisserer stortingsmeldinga opp enorme moglegheiter for Noreg.

Men medaljen har òg ei bakside: nye utbyggingar.

– All energipolitikk har ei ibuande kraft i seg til å vere konfliktfylt. Eg trur ikkje vi kan unngå dette for framtida, seier olje- og energiministeren til NTB.

– Det kjem til å vere ein av dei heitaste debattane i mange år framover.

Må byggje ut straumnettet
I stortingsmeldinga kjem det fram at Noreg ligg an til å ha kraftoverskot i lang tid framover – sjølv med storstilt elektrifisering både på fastlandet og på sokkelen.

Den store utfordringa er derfor ikkje å skaffe meir kraft, men å sørgje for at straumnettet får krafta fram dit ho trengst, forklarer Bru.

– Det vi ser, er at det er veldig stort innmeldt behov rundt omkring i landet frå folk som ønskjer å etablere ny industri eller bruke kraft. Nokre stadar er det heilt uproblematisk fordi det er mykje ledig kapasitet i nettet. Men andre stadar er det flaskehalsar, seier ho.

– Må prøve å dempe konfliktane
Bru trekkjer fram Hordaland og Rogaland som regionar der kapasiteten i nettet har vore eit problem. Det same opplever Møre og Romsdal - ikkje minst nord i fylket.

Statsråden vil derfor ikkje sjå bort frå at Noreg igjen kan få nye rundar med opprivande debattar à la konflikten om «monstermastene» i Hardanger for ti år sidan.

– Vi må prøve å dempe konfliktane mest mogleg og gjere det på ein berekraftig, balansert måte som også tek vare på andre omsyn, seier Bru.

– Men det vil nok vere litt utopi å tru at vi skal klare dette utan ein einaste debatt.

Offentleg utval i arbeid
Eit grep i stortingsmeldinga er å setje ned eit offentleg utval som skal vurdere kva som kan gjerast for å sikre at straumnettet held tritt med elektrifiseringa.

Dette utvalet skal leiast av Nils Kristian Nakstad, administrerande direktør i Enova.

Eit anna grep er energisparing. Der set regjeringa eit mål om 10 terawattimar med energieffektivisering i eksisterande bygg innan 2030.

Men i stortingsmeldinga kjem det òg fram at regjeringa på sikt vil ta opp att konsesjonsbehandlinga av vindkraft på land.

Ventar lite vindkraft
Ein føresetnad for å ta opp att konsesjonsbehandlinga er at lovverket blir oppdatert i tråd med vindkraftvedtaka som vart gjort i Stortinget i fjor.

Det betyr at konsekvensar for miljø, samfunn og naboar må få større vekt, samtidig som nye vindkraftprosjekt må forankrast godt lokalt.

I tillegg sender regjeringa eit forslag til vindkraftskatt på høyring. Bru trur løftet om skatteinntekter vil bidra til at fleire kommunar i framtida vil ønskje å vere vertskap for vindkraftverk.

– Men eg har ikkje noka tru på at det kjem til å renne inn med nye konsesjonssøknader på vind dei næraste åra, understrekar ho.

(©NPK)

Publisert: 11.06.2021 13:39

Sist oppdatert: 11.06.2021 13:47

Mer om