Eg haapar at fellesskapet blir stoerre
SKIPA HAR BLITT STØRRE: Klubbleiar Rune Torsvik i Fellesforbundet ved Søviknes-verftet til Vard fortel at storleiken på skip er noko av den mest synlege forandringa han har opplevd på sine 30 år i jobben. – Vi synest skipa var store før, men når vi ser dei ved sidan av desse siste, så blir dei små, seier han.
Nytt

– Eg håpar at fellesskapet blir større

Koronakrisa gjer at fleire er uroa for jobbane sine og organiserer seg, fortel klubbleiar ved Vard Søviknes. 

Marius Rosbach
01.05.2020
NETT NO vil i ein serie artiklar møte tillitsvalte ved ulike bedrifter for å høyre korleis dei opplever koronakrisa. Har du tips til kven vi bør møte? Send e-post til redaksjon@nett.no
Rune Torsvik er leiar for Fellesforbundet ved Søviknes-verftet som er den største fagforeininga med kring 70 medlemmar. Både ved verfta til Vard og sentral opplever dei no auka oppslutnad og fleire nye medlemmar.
– Fleire er litt redde i den situasjonen som er no. Dei lurar på om jobbane deira er trygge og om dei kan bli permitterte. Då er det tryggare å stå saman, seier han til NETT NO.
Oppe i alt det negative som koronakrise fører med seg, har klubbleiaren eit håp om den auke oppslutnaden kan vere bra på sikt med auka solidaritet i arbeidslivet.
– Eg håpar at fellesskapet blir større, seier han.
Rekrutteringa aukar også mellom dei yngre tilsette: – Også dei ser nødvendigheita med å vere organisert, legg han til.

Skulle gå i 1. mai-tog

Det er ikkje tradisjon for å gå i 1. mai-tog i norske bygder og Torsvik fortel at det gjerne er ein dag med familien. I år hadde han eigentleg planar om å reise til Trondheim for oppleve arbeidarane sin dag på «skikkeleg».
– Eg tenkte at eg skulle gå i 1. mai-tog, men det blir jo ikkje noko av, seier han og ler.
I staden er det planlagt markeringar via internett på ulike vis.
1. mai er i høgste grad ein internasjonal dag, men i det daglege er det lite internasjonalt samarbeid mellom verftsarbeidarene. Torsvik fortel at dei har mange italienarar ved Søvika, og at fagforeiningane har forsøkt å opprette ein form for samarbeid med organisasjonane i Italia.
– Det har vi ikkje fått til i noko særleg grad, seier han.
Fellesforbundet har likevel fått eit høgare internasjonalt tilsnitt, ved at ein del austeuropearar som har blitt fastbuande, har meldt seg inn dei siste åra.

«Alt» handlar om koronaviruset

Då Rune Torsvik tok over som leiar etter mangeårig leiar Bjørg Søvik tidlegare i år, la han planar om å sende folk på kurs og såg fram til å lære opp nye engasjere medarbeidarar.

Så kom koronaviruset og sette alt på vent.
– No handlar eigentleg alt som korona og mykje av dagane går med til møter om smittevern og korleis vi kan hindre eventuell spreiing, fortel han.
Vard-verfta var tidleg ut med å sette inn tiltak, og har ikkje opplevd smittetilfelle. Arbeidskvardagen er påverka på ulike vis. Då NETT NO kjem i porten må det svarast på spørsmål om helsetilstand og i kantina er det god avstand mellom borda.
– Alle som kjem frå utlandet skal i karantene på Trohaugen ved Langsten. Der har Vard eit opplegg med eige helseteam som følgjer dei opp dagleg. Det synes vi som tillitsvalte er veldig bra, seier han.

Informerer lokalsamfunnet

Å samle tilsette i karantene ved ein av «brakkebyane» gjer det meir oversiktleg både for Vard sjølv og for lokalbefolkninga. Torsvik påpeiker at verftet har strengare reglar enn Helsedirektoratet. Tilsette i karantene får til dømes ikkje lov å gå på butikken.
– Helseteamet fortel at nokre synes det er litt kjedeleg, men fleire nyttar tida til å fiske og slikt. Det er viktig at dei kjem seg litt ut også, seier han.
Vard har laga ei brosjyre på åtte sider til naboar og lokalsamfunn, som gir grundig informasjon om kva forholdsreglar dei tek. Her blir det gjort reie for talet på arbeidarar ved ei ulike avdelingane, kva for helsesjekkar tilsette går gjennom og korleis dei samarbeider med lokale styresmakter.

Har vore med på fleire namneskifte

Klubbleiar Torsvik har vore med på ei rivande utvikling. I løpet av meir enn 30 år har bedrifta skifta namn frå Søviknes verft, via Aker Yards og STX – og til sist Vard då italienske Fincantieri blei eigarar.

– Det har vore ei solid bedrift å jobbe i alle desse åra, seier han. I fjor fekk han medalje for lang og tru teneste.
Torsvik fortel at dei merkar lite skilnad med italienske eigarar, men at dei personlege banda med toppleiinga har forsvunne.
– Vi har fått nokre nye sjefar som vi knapt ser. Roy Reite (den tidlegare norske toppsjefen, journ. anm.) hadde eg jobba saman med og vi kunne slå av ein prat om vi møttest på butikken, seier han.
Byggina av cruiseskip ved dei norske Vard-verfta er no leia av italienaren Mauro Leboffe, medan avdelinga som bygger fartøy til offshore- og fiskeflåten framleis er leia av ein nordmann: Ulsteinvikaren Erik Haakonsholm.

Les også:




Norge manglar utdanning for innreiing

I dag er skipsbygginga for dei store norske verfta i hovudsak organisert slik at skroga blir bygd i utlandet. Deretter blir dei slept til Norge for utrustning.
Svært mange av arbeidstimane om bord på eit cruiseskip gjerast av spesialistar på ulike type innreiing. Hos Vard er mange av desse italienske fagarbeidarar.
– Hovudsaka ved ein cruisebåt er innreiing, men vi har ikkje noko utdanning eller opplæring der norske ungdomar til dømes kan utdanne seg til å vere snikkar om bord i båt, seier han.
I utgangspunktet var det tenkt at italienarane på sikt kunne lære opp nordmenn, men «dei er no her framleis», legg han til.

Håpar på nye cruiseskip

Torsvik fortel at dei tilsette snakkar seg i mellom, om utsiktene for bygging av fleire cruiseskip. Etter at koronaviruset slo til, er det liten tvil om at marknaden for store passasjerskip har fått eit alvorleg skot for baugen.
– Vi skulle bygge cruisebåtar i mange år, men no veit vi ikkje, seier han.
Fleire trur at marknaden for dei mindre cruiseskipa – som dei norske verfta bygger – vil ta seg opp først. Torsvik lev i håpet.
– Eg høyrde ein frå reiselivsbransjen som sa at han meinte det ville bli fleire av desse mindre ekspedisjonsskipa i framtida. Vi får sjå, seier klubbleiaren.

Les også:




NETT NO vil i ein serie artiklar møte tillitsvalte ved ulike bedrifter for å høyre korleis dei opplever koronakrisa. Har du tips til kven vi bør møte? Send e-post til redaksjon@nett.no
Fleire er litt redde i den situasjonen som er no. Dei lurar på om jobbane deira er trygge og om dei kan bli permitterte. Då er det tryggare å stå saman

Publisert: 01.05.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56