– Vi hadde ein vanvittig dårleg vinter, kanskje ein av dei dårlegaste i manns minne, fortel Frode Hofseth til Nett No.
Han er dagleg leiar i Sunnmøre Sport Holding, som eig åtte sportsbutikkar på Sunnmøre.
Men trass ein svak start på året er det knapt nokon sportsforhandlarar som i dag finn grunn til å henge med geipen over 2025.
Etter ein av tidenes sommarsesongar kan den samla bransjen konstatere at salet er opp 4,8 prosent i forhold til fjoråret, ifølge tal frå Norsk Sportsbransjeforening.
- Sjå resultatoversikt for sportsbransjen under
– Folk har tatt i bruk både på sjø, kyst og fjell
Dei lange fineversperiodene i sommar inspirerte fleire enn vanleg til å trekke utandørs, og bruke Norge som ferieland.
– Folk har tatt i bruk både på sjø, kyst og fjell, og har kjøpt utstyr deretter. I tillegg har vi nokre store trendar som markerar seg på salstala, seier Trond Evald Hansen i Norsk Sportsbransjeforening.
Utstyr til forskjellige friluftsaktivitetar har definitivt vore ein av dei store inntektskjeldene. Også sykkel- og el-sykkelsalget har holdt seg stabilt høgt.
Skosal i taket
Men årets største farsotten har det vore umulig å ikkje legge merke til dersom ein har vore utanfor døra i sommar.
– Løping! Der har det vore heilt kokko-vilt. Vi har hatt fleire joggebølger før, men denne tar det til nye høgder. Fleire butikkar er utselde for sko til over 2.000 kroner paret, fortel Hansen.
– Kva med inflasjonen i talet på oppblåsbare padlebrett på strendene i sommar?
– SUP-brett er meir ein nisjetrend, men det er eit godt eksempel på noko som dreg med seg sal av beslekta varer som badetøy, neopren, flytevestar, og dermed fører til ein generelt høgare aktivitet i butikkane våre, forklarar Hansen.
– Løping! Der har det vore heilt kokko-vilt. Vi har hatt fleire joggebølger før, men denne tar det til nye høgder
Tilbake til status quo
Dei store kjedene står i dag for omlag halvparten av omsettinga i sportsbransjen.
Resten går gjennom nisjebutikkar, eigne brand-stores, norske og utanlandske nettaktørar, samt breiare lavpriskonsept. (Sport Outlet-salget høyrer også med i sistnemnde gruppe, ikkje blant kjedene, journ, anm.)

Les også
– Det er ikkje så mange år sidan bransjen dreiv og konsoliderte, og mange frykta at det snart ville vere berre store kjeder att.
– Det stemmer, men sidan 2018 er talet på kjedebutikkar faktisk blitt redusert frå omlag 660 til 560. Samstundes har det kome inn ein del nye nisjebutikkar, seier Hansen i Norsk Sportsbransjeforening.
– Totalt sett er vi no tilbake til omtrent same fordeling mellom kjeder og småaktørar som før konsolideringa, men med litt større diversitet enn før.
Sidan 2018 er talet på kjedebutikkar faktisk blitt redusert frå omlag 660 til 560. Samstundes har det kome inn ein del nye nisjebutikkar
Oppe etter korona
Trenden ser dermed ut til å ha snudd etter den store nedturen i 2022.
Etter å ha kjøpt sport- og friluftsutstyr med begge hendene under koronaen, var det brått stans.
Marknaden var truleg blitt metta for ei stund, og i tillegg måtte bransjen slite med store varelager då dei mottok sendingar som hadde blitt forseinka under epidemien. Også i 2023 krympa omsetninga i bransjen med over fire prosent.
- Sjå resultatoversikt for sportsbransjen under
For Frode Hofset sine fire butikkar låg resultatet i 2024 omtrent på linje med bransjen for øvrig, trass det dårlege skiføret i vintersesongen - og at dei har fått konkurranse frå lågpriskjeder som Sport Outlet i Ulsteinvik.

– Har konkurransen frå lavpriskjeder gjort det tøffare for dei tradisjonelle sportsbutikkane?
– Eg synes ikkje at vi merkar så veldig mykje til det. I nokre varekategoriar som junior og tekstil er nok folk blitt meir bevisste på å kjøpe billeg, men eg trur at andre lavpriskonsept som Europris og Biltema merkar den konkurransen betre enn oss, seier Hofseth.
| Sportsbutikkar på Nordvestlandet | |||||
| Tal i mill. Kroner | |||||
| Driftsinntekt | Res. f. Skatt | Res. f. skatt i prosent av driftsinntekt | |||
| 2024 | 2023 | 2024 | 2023 | 2024 | |
| SPORT OUTLET MOLDE AS * | 33,2 | 34,5 | 8,1 | 7,8 | 24,5 % |
| I-SPORT ROSEBY AS*** | 28,8 | 30,5 | 1,3 | 0,9 | 4,7 % |
| CHATLET SPORT AS | 27,7 | 28,5 | 2,9 | 4,2 | 10,5 % |
| SPORT OUTLET ÅLESUND AS* | 26,4 | 26,2 | 3,8 | 3,0 | 14,3 % |
| JAKT & FISKESPESIALISTEN AS | 25,3 | 24,4 | 0,3 | 0,4 | 1,1 % |
| B. RONGVE AS | 25,3 | 23,3 | 2,0 | 1,8 | 7,8 % |
| INTERSPORT BREIVIKA AS ** | 20,1 | 20,2 | -1,4 | -1,0 | -7,0 % |
| SPORT1 MOLDE AS* | 19,5 | 20,0 | 0,0 | 1,0 | 0,2 % |
| I-SPORT MOLDE AS*** | 18,2 | 18,4 | 0,1 | -0,6 | 0,5 % |
| SPORT 1 DIGERNESET AS | 17,6 | 17,7 | 0,7 | 0,8 | 4,2 % |
| SPORT OUTLET ØRSTA 47 AS* | 16,1 | 17,1 | 2,3 | 2,7 | 14,4 % |
| YTRE-EIDE SPORT AS | 15,2 | 17,2 | -0,1 | 0,1 | -0,6 % |
| SPORTS MÅLØY AS | 15,1 | 16,3 | 0,6 | 0,8 | 3,8 % |
| INTERSPORT MOA AS ** | 15,0 | 15,9 | -1,8 | -1,0 | -11,8 % |
| JAFI AS | 13,0 | 14,0 | -0,6 | 0,0 | -4,7 % |
| HOFSETH SPORT AS ** | 12,6 | 13,7 | -0,9 | -0,3 | -7,1 % |
| MOONLIGHT MOUNTAIN GEAR | 10,6 | 5,3 | -4,1 | -9,6 | -38,7 % |
| HENDEN SPORT AS | 10,4 | 11,1 | -2,7 | 0,0 | -25,8 % |
| SYKKELHUSET AS | 10,3 | 12,1 | 0,0 | -0,1 | 0,4 % |
| SPORT OUTLET ÅNDALSNES 46 AS* | 10,3 | 11,1 | 0,8 | 1,2 | 8,2 % |
| STRAUMANE SPORT AS ** | 10,1 | 10,0 | 0,5 | 0,4 | 4,9 % |
| SPJELKAVIK SPORT AS | 10,0 | 10,1 | -0,1 | 0,3 | -0,6 % |
| RESER AS | 9,8 | 8,5 | 0,5 | 0,6 | 4,9 % |
| STRAUMANE SPORT ØRSTA AS ** | 8,9 | 9,2 | -0,2 | -0,1 | -2,2 % |
| INTERSPORT VOLDA AS ** | 8,4 | 8,5 | -1,2 | -1,0 | -14,5 % |
| SPORT VOLDA AS ** | 8,3 | 8,4 | -0,9 | -0,7 | -11,3 % |
| INTERSPORT STRANDA AS | 8,3 | 9,2 | -0,3 | 0,1 | -3,1 % |
| SPORT 1 ÅNDALSNES AS | 8,2 | 8,4 | 0,0 | 0,3 | 0,5 % |
| SPORT 1 TOMRA AS | 8,2 | 8,1 | 0,0 | 0,2 | 0,0 % |
| INTERSPORT MÅLØY AS | 7,6 | 7,0 | 0,2 | -0,1 | 2,4 % |
| INTERSPORT ÅNDALSNES AS | 7,2 | 8,4 | -0,2 | 0,2 | -3,1 % |
| SPORT STRYN AS** | 7,2 | 7,1 | -0,5 | -0,5 | -6,8 % |
| SPORT ØRSTA AS ** | 7,1 | 8,1 | -1,1 | -0,7 | -15,7 % |
| FOCUS SPORT AS | 7,0 | 7,5 | 0,4 | 0,1 | 6,4 % |
| INTERSPORT FOSNAVÅG AS | 6,9 | 8,2 | -0,4 | -0,7 | -5,8 % |
| B. S. AURE SPORT AS** | 6,8 | 6,7 | 0,5 | 0,3 | 6,7 % |
| SPORT 1 ØRSTA AS | 6,2 | 7,3 | -0,3 | 0,2 | -5,4 % |
| SPORTEN BRATTVÅG AS | 5,8 | 6,7 | -0,1 | 0,4 | -2,2 % |
| PEDER ØIE AS | 5,6 | 5,2 | -0,3 | -0,1 | -4,8 % |
| SPORT OUTLET ULSTEINVIK 111 AS* | 5,0 | 0,0 | 0,6 | 0,0 | 11,1 % |
| DJURNY AS | 4,4 | 2,6 | -0,1 | -0,2 | -1,6 % |
| UTENDØRS MIDSUND AS | 3,6 | 3,9 | -0,3 | -0,5 | -7,8 % |
| SUNNMØRE OUTDOOR AS | 3,0 | 0,2 | -0,9 | 0,0 | -31,6 % |
| MUSCLEUP AS | 2,0 | 1,3 | 0,1 | 0,0 | 3,8 % |
| FOSNAVÅG SPORT AS | 1,8 | 1,6 | 0,1 | 0,0 | 3,7 % |
| SUM | 538,1 | 539,6 | 7,4 | 10,6 | 1,4 % |
| *Del av Sport Outlet Holding-konsernet, der alle butikkane er heileigd eller majoritetseigd av Sport Outlet Holding | |||||
| **Heilt eller majoritetseigd av Sunnmøre Sport Holding. | |||||
| ***Eigd av 3s Holding, med Jan Åge Wiik som største aksjonær og Bjørn Rune Gjelsten/Olav Nils Sunde sitt selskap Sport Holding som medeigar. | |||||
Publisert: 16.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 02.10.2025 20:09






