Jonas gahr støre IKKE GJENBRUK skogbruk foto ntb 22
SKOGBRUK: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Moelven Industrier fredag og fekk sjå ein gigantisk bjelke i limtre. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

– Eg tenkjer at dette er eit industrielt eventyr

Regjeringa vil ha skog-boom.

10.01.2022

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Regjeringa vil gjere norsk skogindustri større, betre og meir konkurransedyktig. Men då må kreftene samle seg, meiner konsernsjef.

– Det er fullt mogleg å vekse. Men ein må gjere det litt smart, seier konsernsjef Morten Kristiansen i Moelven Industrier til NTB.

Han viste fredag fram ein gigantisk bjelke i limtre for statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og landbruks- og skogminister Sandra Borch (Sp).

Bjelken skal brukast som dragar i den nye gymsalen til Korsvoll skule i Oslo.

– Det er jo rett ved der eg vanlegvis bur, seier statsministeren imponert

– Store krav
Både han og skogministeren ønskjer å ta norsk skogindustri til eit nytt nivå, og fekk råd med seg på vegen av Moelven-sjefen.

Kristiansen trur ein må samle kreftene litt i Noreg for å kunne vise styrke.

– Ein må evne å sjå litt over fylkesgrensene òg for å få det til. Du kan ta Vestlandet og Austlandet. Det blir for lite å vere kretsmeister om ein verkeleg skal løfte seg ute i den store verda. Det er store krav som blir stilt der ute, seier han.

Og held fram:

– For i realiteten er Skog-Noreg relativt beskjedent i volum. Du treng ikkje reise lenger enn til Sverige, så er volumet ti gonger så stort.

Trur på meir vekst
Hos Moelven har dei utvikla seg til eit gigantisk trekonsern, fullspekka på moderne teknologi, og med fabrikkar på begge sidene av svenskegrensa.

Dei store limtredragarane blir i stor grad laga av maskiner.

– Hadde du gått kanskje tre år tilbake i tid, hadde du sett folk som hadde stått med snorer og vinklar og forskjellig sånt og målt ut og skore. No går det over ei stor maskin, seier han.

Og Kristiansen trur det er potensial for meir vekst.

– I 2013 hadde vi ei omsetning på 8 milliardar kroner. No trur eg vi hadde 14,8 milliardar kroner i fjor.

(saka held fram under)

Sandra borch IKKE GJENBRUK foto ntb
HAR TRUA: Landbruksminister Sandra Borch trur potensialet for å byggje meir i tre er enormt stort. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Fleire tiltak
I Hurdalsplattforma slår regjeringa blant anna fast at dei vil auke tilskotet til skogplanting, ungskogpleie og andre skogkulturtiltak.

I tillegg vil dei sikre meir kapital til å utvikle skogindustrien, og gode industrielle lån, tilskot og risikoavlasting innanfor bioøkonomi.

– Vi må gi treindustrien moglegheita til støtte når dei tek teknologiske steg framover. Innovasjon Noreg kan mellom anna vere ein partnar som bidreg til at vi òg utviklar verksemdene på ein klok måte, seier statsministeren til NTB.

Han viser til at Moelven fekk utvikla masse ny teknologi då dei fekk moglegheit til å byggje Vikingskipet i Hamar til Lillehammer-OL.

– Eg tenkjer at dette er eit industrielt eventyr, så her må staten spele på lag med aktiv næringspolitikk og leggje til rette for arbeidsplassar og industri i verdsklasse, seier Støre.

Borch er skog-fan
I regjeringsplattforma står det òg at ein skal bruke offentlege innkjøp, mellom anna gjennom Statsbygg, for å styrke etterspurnaden etter produkt basert på norsk skog.

– Vi er opptekne av at når vi skal byggje nytt regjeringskvartal, så skal vi ha eit stort innslag av tre frå norsk byggjeindustri, seier Støre.

Han hevdar faktisk at landbruksminister Sandra Borch er like oppteken av skog som ho er av landbruk.

– Ja, det stemmer. Det første eg gjorde som landbruks- og mat- og skogminister, var å køyre hogstmaskin, seier Borch til NTB.

God teknologi
Ho trur potensialet for å byggje meir i tre er enormt stort.

– Noreg er jo frampå og veldig god på teknologi, så her har Noreg eit av fortrinna våre som gjer at vi kan byggje opp ny industri.

– Dette er vinn-vinn, både for klima og for ein grøn industri. Vi har no sett i gang arbeid med å lage ein strategi for den grøne industrien, der skogen skal ha ei sentral rolle. Det er eg som skogminister utruleg stolt over å få vere med på, seier Borch.

Til sist minner statsministeren om at det er lange perspektiv i skogindustrien.

– Eg var for eit halvt år sidan med på å plante skog ved Glommen skog i nærleiken av Gardermoen. Det var eit hogstområde, der vi sette ned små spirer. Det gjorde veldig inntrykk på meg, for det er skog som kjem til å bli hoggen ut sannsynlegvis etter at barnebarna mine har levd opp.

(©NPK)

Publisert: 10.01.2022 09:14

Sist oppdatert: 10.01.2022 09:17

Mer om