Ei kvinne og 14 menn paa scena
VIL HA FLEIRE KVINNER: Både Jan Nybø og Marte Aarseth i Atea erkjenner at bransjen har eit problem med å trekke til seg kvinner. Det blei avspegla både på scena og i salen på Community Tech-konferansen i Ålesund. 
Nytt

Ei kvinne og 14 menn på scena

«Katastrofalt» erkjenner arrangøren av teknologikonferanse i Ålesund. 

Marius Rosbach
12.09.2019

Torsdag samlar Atea teknologiekspertar til Community Tech-konferanse ved Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund. Mellom dei kunnskapsrike folka som skulle snakke, var NTNU-professor Arne Krokan, teamleiar Fredrik Neubert for Cloud Platform i IBM og Erling Teig frå Apple.

Men av dei til saman 15 personane som skulle på scena i løpet av dagen, var det berre ei kvinne – teknologidirektør Merete Asak frå Cisco Norge.

– Talet på kvinner er katastrofalt, erkjenner avdelingsleiar Jan Nybø i Atea Ålesund til NETT NO.

– Skapar ein anna energi og dynamikk
Nybø legg ikkje skjul på at bransjen har ei utfordring i å trekke til seg kvinner – og han har ikkje noko god forklaring på at det berre var ei kvinne på foredragslista torsdag.

– Vi gir gjerne damer moglegheita og vil vise at kvinner kan dette minst like godt som menn, seier han.

Også mellom dei nær 180 deltakarane til konferansen var det langt mellom kvinnene, slik det gjerne er i store delar av teknologiavdelingane og bedriftene.

– Det skapar ein anna energi og dynamikk i miljøet, og kvinner har eit litt anna syn på verda enn oss mannfolka. Vi treng det, slår Nybø fast.

– Pinleg og gammaldags
Gründer og leiaren av Tenk-nettverket Isabelle Ringnes er ein ivrig forkjempar for å få fleire kvinner inn i teknologiyrke, og meiner det er «pinleg» og «gammaldags» med nesten berre menn på scena.

– Mi oppleving er at dei aller fleste konferansar gjer ein ekstra innsats med å sørge for at det er kjønnsbalanse på scena, og lukkast med det når dei forsøker. Det finst sjølvsagt kvinner både i bedriftene og utanfor som kunne gjort jobben, seier ho til NETT NO.

Sjølv held ho foredrag gjerne kvar veke, men fortel at det er lenge sidan ho har høyrt om ein sopass mannsdominert konferanse.

Les meir: Mener foreldre og skole må påvirke jentene

Isabelle Ringnes om kvifor det er viktig at kvinner er med å forme framtida

Ser endring i velferdsteknologi
Marte Aarseth som leiar konsulentapparatet i Atea Ålesund, trur bransjen må jobba saman med institusjonar som NTNU og akademia elles, for å få til ei endring.

– Vi må gjere oss attraktive slik at kvinner vel desse yrka. Eg syns det er kult at vi no ser ei dreiing når vi jobbar med velferdsteknologi. Der er det mange kvinner, og fokuset er på å kjenne brukaropplevinga og behovet ute hos brukarane for korleis teknologien kan nyttast, slik at ein til dømes kan ha meir pleie i heimen, fortel ho til NETT NO.

Aarseth meiner tendensen kan ha å gjere med interessene til kvinner, og at dei ikkje synest det er spennande å jobbe «berre» med teknologi eller tal.

– I den delen av bransjen som jobbar med big data og kunstig intelligens, trur eg vi vil sjå at det kjem inn fleire kvinner, fordi det er ein litt anna type kunnskap som trengs, seier ho.

Aarseth meiner at det er eit stort behov for å få fleire kvinner inn i arbeidet med å gjere kommunane smartare, men påpeiker også at bransjen kanskje ikkje er for alle.

– Det vi jobbar med er ferskvare og ting endrar seg raskt. Difor må du vere glad i endring og at det skjer nye ting kvar dag, seier ho.

Les også: Atea veks på velferd


Det skapar ein anna energi og dynamikk i miljøet, og kvinner har eit litt anna syn på verda enn oss mannfolka. Vi treng det

Publisert: 12.09.2019 12:46

Sist oppdatert: 01.11.2022 22:51