Sanco-gründer Ivar Slettevoll har igjen aksjemajoriteten i Gjerdsvika-reiarlaget, melder Vestlandsnytt.
Fredag var det feiring ved lokala til Sanco Group for at Slettevoll var tilbake ved roret som styreleiar - og at dei har fått på plass Rudy Amundsen som konsernsjef.
Slettevoll vart i 2022 kasta som styreleiar i reiarlaget, men var framleis største eigar. Usemje med styret førte til at han trekte seg som dagleg leiar kring årsskiftet.
– Eg bestemte meg for å ta affære
Styreleiaren fortel til avisa at han på nyåret fekk nyss om at planar for å flytte ut av bygda og kommunen.
– Eg bestemte meg for å ta affære, og fekk kjøpt ut ei gruppe aksjonærar i ålesundsområdet. No er handelen i boks og ny generalforsamling er gjennomført, seier Ivar Slettevoll til avisa.
Ifølgje avisa har han brukt fleire hundre millionar på å kjøpe seg opp, slik at han i dag har 56 prosent av aksjane i Sanco Group.
Les også
Nytt rekordår og vil ha fleire skip
Slettevoll kan også opplyse at Sanco Group hadde eit nytt rekordår i fjor med ei omsetning på 915 millionar – og eit overskot på 339 millionar etter skatt.
Reiarlaget har seks seismikkskip i flåten. Ifølgje den nye konsernsjefen er dei no godt i gang med å sikre selskapet fleire skip, etter at det tidlegare styret skal ha sagt nei til ein plan om å tinge to nye fartøy.
Publisert: 24.05.2025 12:37
Sist oppdatert: 24.05.2025 12:41






