Mangeårig toppsjef og eigar i Sanco-reiarlaget i Gjerdsvika, Ivar Slettevoll, er ferdig som toppsjef i selskapet.
Det opplyser han til Nett No i ei tekstmelding.
Ifølgje Slettevoll gjekk han av som dagleg leiar i Sanco-systemet 31. desember 2024 grunna usemje med det sittande styret om vegen vidare for selskapet.
«Jeg ønsker ikke å utdype dette videre i media», skriv han og legg til at Magnar Slettevoll er ny CEO i reiarlaget.
Styreleiar Hans Olav Lindal stadfestar at 70 år gamle Ivar Slettevoll har gitt beskjed om at han er ferdig som leiar for konsernet ved nyttår. Lindal fortel at han ikkje ser grunn til å gå inn på oppfatningar som kan ligge bak avgjerda.
– Styret har teke avgjerda til etterretning, seier Lindal til Nett No.
Jaktar vidare på ny toppsjef
Styreleiaren fortel at Sanceo-gründeren blei engasjert som toppsjef i konsernet då det blei gjort ei omorganisering i løpet av fjoråret.
Mellom anna er Sanco Group oppretta som holdingselskap, medan drifta skal skje i to dotterselskap.
– Avtalen var at Ivar skulle vere administrerande direktør for heile konsernet i påvente av at vi fann ein etterfølgjar, legg Lindal til.
Han stadfestar at reiarlaget vil jobbe vidare med å finne ein ny toppsjef medan Magnar Slettevoll – Ivar Slettevoll sin yngre bror – har rolla som toppsjef inntil vidare.
Det høyrer med til historia at Ivar Slettevoll i 2022 blei kasta som styreleiar i reiarlaget, men han er framleis største eigar.
– Har absolutt ambisjonar
Seismikkreiarlaget med base i Gjerdsvika i Sande, har lagt nokre svært gode år bak seg. 2023 blei eit rekordår med omsetning på knappe 835 millionar og eit resultat før skatt på 312 millionar kroner, ifølgje konsernrekneskapen.
– Vi har absolutt ambisjonar framover og Sanco er i ein sterk posisjon, både økonomisk, med gode kundar og eit godt renomme på drifta, seier Lindal.
Styreleiaren seier at dei ikkje har konkrete planar om å nybygg med det første, men at det er «stadige» førespurnader både kring dette – og moglege samarbeid.
– Det er slike ting vi har under kontinuerleg vurdering. Vi ønsker å utvikle selskapet sin attraktive posisjon best mogleg, og den sterke kompetansen og driftsmiljøet som er bygd opp i Gjerdsvika, legg han til.
Publisert: 06.01.2025 15:52
Sist oppdatert: 06.01.2025 15:52