Flo Feriesenter Maria Worren Olav Worren Inge Eidem Eldar Stein Flo Foto Marius
NYE EIGARAR: Maria Worren (frå venstre), Olav Worren, Inge Eidem er nye eigarar ved Flø feriesenter i Ulstein. Eldar Stein Flø skal ut av drifta etter å ha vore dagleg leiar i 36 år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Eigarskifte på Flø Feriesenter

Nye eigarar satsar på heilårsdrift.

09.03.2026

Ekteparet Maria og Olav Worren er dei nye eigarane av Flø Feriesenter i Ulstein saman med Inge Eidem. Det er klart etter at dei kjøper feriesenteret frå Eldar Stein Flø og seks andre aksjonærar. 

Worren-paret og Eidem skal eige halvparten kvar av campinganlegget.

Vil utvide til heilårsdrift
Målet er å utvide til heilårsdrift, og både trekkje til seg eksisterande kunder og nye.

– Der har vi ein stor jobb å gjere med marknadsføring, og treffe rett gruppe turistar, seier Olav Worren.

Høgsesongen er sommarmånadane juni-august. Allereie i dag er minst 70 prosent av hyttekapasiteten i juli til sommaren utleigd. 

Varsla mogleg sal i fjor
Seljarane av anlegget varsla i fjor at dei såg etter nye drivarar, og også var opne for sal.

No blir det begge deler. 

Maria Worren blir ny dagleg leiar etter Eldar Stein Flø, som har hatt jobben dei siste 36 åra. Olav Worren arbeider i forsikringsbransjen, medan Inge Eidem er eigedomsinvestor og busett på Flø.

Partane er samde om å ikkje opplyse kjøpesummen. 

Åtte hytter
Flø Feriesenter har åtte store campinghytter og plass til 30 bobilar og telt til saman.

Selskapet har gått i pluss kvart år sidan 2003 og hadde ei markert auke i lønsdema i 2023 og 2024. 

I 2024 var resultatet før skatt 0,9 millionar kroner av ei driftsinntekt på 2,3 millionar kroner. Det er den høgaste driftsinntekta selskapet har hatt. 

Publisert: 09.03.2026 12:06

Sist oppdatert: 09.03.2026 12:06

Mer om