Flo feriesenter Eldar Stein Flo og Atle Birger Flo
VENTAR PÅ AVKLARING: Dagleg leiar Eldar Stein Flø (t.v) og styreleiar Atle Birger Flø i Flø Feriesenter håpar å ha fått avtale med ein ny drivar innan året er omme.
Nytt

Liten campingplass, stort overskot

Flø Feriesenter er på jakt etter ny drivar - og eigarane er også opne for sal.

06.06.2025

Med åtte hytter og plass til omlag 20 campingbilar/-vogner er Flø Feriesenter på Flø i Ulstein ei relativt lita overnattingbedrift. Men lønsemda har vore høg i høve til inntekten i fleire år. 

I fjor vart det like godt inntektsrekord og rekordoverskot, både i kroner og i prosent.

No søker dei åtte eigarane etter nye drivarar.

Årets sesong er den 36. i rekka for dagleg leiar og medeigr Eldar Stein Flø.

– Det får vere måte på. Greit å få nye folk og idear, seier Flø. Han er den einaste heilårstilsette i selskapet, men har med seg opptil fem andre i høgsesongen.

Nær sal
Før jul i 2018 var det nær at senteret vart seld.

- Ja, vi hadde ein aktør som ville kjøpe heile senteret, men utan å ha oss andre med. Det var planar vi ikkje likte så godt, sa Flø til NettNo tidleg i 2019.

Flø presiser at eigarane no ønskjer å få ein avtalt med ein ny drivar, og ikkje har arbeider med å få til eit sal. Samstundes utelukkar eigarane ikkje at eit sal kan bli eit alternativ på eit tidspunkt, ifølgje Flø. 

Lokale eigarar
I tillegg til Eldar Stein Flø er Flø Ferisenter eigd av Kåre Ingolf Bersås, Per Elias Leirvik, Arne Helge Låbakk, Oddhild Johanne Låbakk, Laila Midtflø, Per Hallvard Svendsen og Uno Carl-Lennart Wallin.  

Alle eigarane har adresse i Ulstein kommune og eig 12,5 prosent av selskapet kvar. 

Flø Feriesenter as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt2,31,9
Driftsresultat0,80,6
Resultat før skatt0,90,7

Publisert: 06.06.2025 12:40

Sist oppdatert: 06.06.2025 13:00

Mer om