Nytt
– Ein bra start, men ikkje nok
Regiondirektøren i NHO Møre og Romsdal gir regjeringa honnør for dei første krisetiltaka. No sett han sin lit til at bankane følgjer opp.
Marius Rosbach
13.03.2020
Regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal meiner regjeringa skal ha ros for for å dempe konsekvensane av koronapandemien.
– Det er ein bra start, men ikkje nok. Som statsministeren peiker på, så har vi forventningar om at det kjem meir i dei neste pakkane, seier Espen Remme til NETT NO.
Tiltaka regjeringa la fram fredag er dei første i ein tre-trinnsplan som kjem den komande tida.
Det meiner Remme er bra, men NHO vil at staten tek det same økonomiske ansvaret uavhengig om ein tilsett er permittert, heime med barn eller i karantene.
Han er også nøgd med forslaga om at bedriftene får tilbakeføre underskot i 2020 mot tidlegare år – og utsette betalinga av formueskatt for bedrifter som går med tap i år. Remme seier seg også nøgd med ei eige tiltakspakke for luftfarten.
– Det er likviditetsskvisen som er den største utfordringa framover, når inntektene fell heilt vekk, samtidig som utgiftene løpar vidare. Det er viktig at bankane følgjer opp dette, seier Remme.
Innovasjon Norge får også moglegheita til å gi nye likviditetslån, og regiondirektøren er spent på korleis dette vil skje i praksis.
– Det må vere lett tilgjengeleg for bedrifter som treng kapital raskt, påpeiker han.
– Vi har sterke forventningar til at regjeringa i ei periode tek den heilt vekk, seier Remme og viser til at dette er mellom krava .
Førebels gjer ikkje regjeringa noko med perioden bedriftene får dekka utgiftene ved permittering av tilsette, som i dag er på 26 veker – men vil vurdere dette etter kvart.
– Her har bedriftene litt tid på seg, og det viktigaste no, er å få ned belastninga bedriftene har i dag, seier NHO-direktøren.
– Veldig mange er i ferd med å sende ut, eller har allereie sendt ut slike varsel. Vi opplever ein stor underliggande aktivitet for å avgrensa skadane, seier han.
Samtidig er han imponert over ansvarskjensla hos næringslivet.
– Dei eg er i dialog med, viser ein oppriktig vilje til å stå på og vere med på denne nasjonale dugnaden. Eg opplever at bedriftsleiarane verkeleg tek innover seg alvoret og støttar opp om smitteverntiltaka, seier Remme.
– Dette som skjer no, er i stor grad med på å kjøle ned marknadsutsiktene for den maritime næringa, seier han.
– Det er ein bra start, men ikkje nok. Som statsministeren peiker på, så har vi forventningar om at det kjem meir i dei neste pakkane, seier Espen Remme til NETT NO.
Tiltaka regjeringa la fram fredag er dei første i ein tre-trinnsplan som kjem den komande tida.
Vil at staten tek meir ansvar
Mellom anna tek regjeringa rekninga bedriftene har med å permittere folk. Bedriftene skal berre betale for dei to første dagane folk er permittert, mot 15 dagar i dag.Det meiner Remme er bra, men NHO vil at staten tek det same økonomiske ansvaret uavhengig om ein tilsett er permittert, heime med barn eller i karantene.
Han er også nøgd med forslaga om at bedriftene får tilbakeføre underskot i 2020 mot tidlegare år – og utsette betalinga av formueskatt for bedrifter som går med tap i år. Remme seier seg også nøgd med ei eige tiltakspakke for luftfarten.
Meir om tiltaka:
Viktig at bankane følgjer opp
Statsministeren peika på at bankane må bidra med kortsiktige ordningar for å hjelpe bedrifter over kneika.– Det er likviditetsskvisen som er den største utfordringa framover, når inntektene fell heilt vekk, samtidig som utgiftene løpar vidare. Det er viktig at bankane følgjer opp dette, seier Remme.
Innovasjon Norge får også moglegheita til å gi nye likviditetslån, og regiondirektøren er spent på korleis dette vil skje i praksis.
– Det må vere lett tilgjengeleg for bedrifter som treng kapital raskt, påpeiker han.
Spent på arbeidsgjevaravgift og permisjonsperiode
Vidare håpar NHO-direktøren at regjeringa også vil sjå nærare på ein reduksjon av arbeidsgjevaravgifta.– Vi har sterke forventningar til at regjeringa i ei periode tek den heilt vekk, seier Remme og viser til at dette er mellom krava .
Førebels gjer ikkje regjeringa noko med perioden bedriftene får dekka utgiftene ved permittering av tilsette, som i dag er på 26 veker – men vil vurdere dette etter kvart.
– Her har bedriftene litt tid på seg, og det viktigaste no, er å få ned belastninga bedriftene har i dag, seier NHO-direktøren.
Synspunkt:
Mange vurderer permitteringar
Remme fortel at det er mange av deira medlemsbedrifter som har – eller kjem til – permittere tilsette.– Veldig mange er i ferd med å sende ut, eller har allereie sendt ut slike varsel. Vi opplever ein stor underliggande aktivitet for å avgrensa skadane, seier han.
Samtidig er han imponert over ansvarskjensla hos næringslivet.
– Dei eg er i dialog med, viser ein oppriktig vilje til å stå på og vere med på denne nasjonale dugnaden. Eg opplever at bedriftsleiarane verkeleg tek innover seg alvoret og støttar opp om smitteverntiltaka, seier Remme.
Møre og Romsdal spesielt utsett
Regiondirektøren påpeiker at næringslivet Møre og Romsdal er meir sårbare enn mange andre fylker ved høgt innslag av reiselivsbedrifter, og ei maritim næring som framleis ikkje har kome seg etter oljekrisa som slo til for om lag fem år sidan.– Dette som skjer no, er i stor grad med på å kjøle ned marknadsutsiktene for den maritime næringa, seier han.
Meir om koronapandemien:
Bytoget:
Publisert: 13.03.2020 15:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54