Ein firedel av ordreboka er vekke
Men inntektene auka for Ekornes i tredje kvartal.
Ekornes-konsernet auka inntektene i tredje kvartal med ni prosent, men ordreboka krympar kraftig.
Det viser kvartalsrapporten som blei offentleg torsdag.
Møbelkonsernet har allereie starta å bemanne ned, etter oppturen i samband med pandemien. Samtidig har kostnadene auka.
I torsdagens børsmelding kjem det fram at ordreboka har krympa med 25 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Omsetninga i kvartalet enda på 1.113 millionar kroner. Driftsresultatet blei 61,3 millionar – om lag ei halvering samanlikna med same kvartal i fjor (sjå tabell under).
Ved utgangen av kvartalet var omsetninga i år på meir enn 3,8 milliardar kroner. Det er ein auke på meir enn 700 millionar samanlikna med same tidspunkt i fjor.
Ekornes QM Holding as | ||
Per tredje kvartal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 3.852,4 | 3.143,8 |
Driftsresultat | 381,2 | 425,0 |
Resultat før skatt | 305,2 | 239,5 |
Ekornes QM Holding as | ||
3. kvartal. i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 1.132,1 | 1.040,5 |
Driftsresultat | 61,3 | 131,3 |
Resultat før skatt | 57,7 | 89,4 |
Ekornes er ikkje åleine om å merke at møbelmarknaden har dabba av. Det er bedriftene som produserer for privatkundane som har merka omslaget.
I dag blir Norsk Industri sitt bransjetreff for møbelindustrien arrangert i Sykkylven. Arrangementet er det tredje i rekka og har samla omlag 100 deltakarar.
Trass i omslaget i marknaden er møbelindustrien framleis ein industri med optimisme og med meir solide bedrifter enn før koronapandemien, sa bransjesjef Egil Sundet i Designindustriens bransjeforening til NETT NO i førre veke.
Publisert: 27.10.2022 11:09
Sist oppdatert: 27.10.2022 12:31