Kelpinor foto Kelpinor 111 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
GRÜNDERTRIO: Dei tre gründerane i Kelpinor (frå venstre) Christoffer Joys Røang, Hermann Peter Schips og Johan Ludvig Holst. Foto: Kelpinor
Nytt

Ein million til taregründerar

Hermann Peter Schips frå Volda og hans medgründerar får ein million til taredyrkingsatsinga si.

21.10.2022

I ei kåring i regi av akselleratorprogrammet "Arctic Ignite" vart selskapet Kelpinor både kåra til "Folkets favoritt" og var eitt av tre selskap som fekk stipend for beste forretningside.

Tilsaman betyr det ein million inn i kassa for Kelpinor, der Schips er ein av tre grunnleggarar.

Kelpinor er etablert med adresse i Gildeskål kommune sør for Bodø. Ideen til dei tre grundarane er å starte tareproduksjon i stor skala.

Arctic Igniter er eit treårig program retta mot unge gründerar i Nord-Noreg.

Les meir om Arctic Ignite her

Neste trinn er å reise kapital for å få på plass infrastrukturen som trengs i sjøen og starte taredyrkinga. Planen i første omgang er å dyrke ti tonn som ein testpilot.

– VI treng kapital til å sette opp rammeverket og få testa ut løysinga skikkeleg, sa Schips til NETT NO i førre veke.

Som tidlegare TAF-elev har 24-åringen frå Volda allereie variert erfaring. Frå han var 15 år har han vore i arbeid ved alt frå Tine Meierier, Vik Ørsta – der han tok fagbrev , og han har vore konstruktør i PE Bjørdal.

Schips studerer til sivilingeniør på NTNU i Trondheim, men har teke pause frå studiafor å jobbe med taredyrkingsselskapet.

Publisert: 21.10.2022 11:56

Sist oppdatert: 21.10.2022 12:00