Kelpinor foto Kelpinor 111
GRÜNDERTRIO: Dei tre gründerane i Kelpinor (frå venstre) Christoffer Joys Røang, Hermann Peter Schips og Johan Ludvig Holst. Foto: Kelpinor
Nytt

Jaktar investorar til taredyrking

Ung gründer frå Volda konkurrerer om ein halv million med «startup» som skal jobbe med automatisert taredyrking.

Marius Rosbach
15.10.2022

Hermann Peter Schips frå Volda er ein av tre gründere i selskapet Kelpinor. I arbeidet med å realisere satsinga på taredyrking deltek selskapet i desse dagar i akseleratorprogrammet Arctic Ignite der dei har sjansen til å vinne ein halv million kroner.

– Det er som ein milliard å rekne for eit oppstartsselskap som oss, fortel Schips til NETT NO.

I løpet av oktober kan folk stemme på sine favorittar mellom dei ti deltakarane. Programmet skjer i regi av Norinnova i Tromsø.

Har utvikla ny metode
Kelpinor er etablert med adresse i Gildeskål kommune sør for Bodø. Ideen til de tre grunderne er å starte tareproduksjon i stor skala.

– Vårt fortrinn er at vi er teknologer og vi har tenkt til å automatisere en del prosesser som i dag blir gjort for hånd. Vi har utviklet en nye metode for utsetting og hausting av tare der ein kan spare 40 prosent av kostnadene, sier han.

Schips fortel at dei har tilgang på eit område på storleik med 40 fotballbanar der dei kan dyrke opptil 1500 tonn årleg. Dei har óg i dialog med underleverandørar og kundar i matindustrien.

– No er vi i ein prosess med å tilsette fleire, og i løpet av nokre veker kjem vi til å tilsette folk med kompetanse på marinbologi, seier han.

Planar om emisjon neste år

Neste trinn er å reise kapital for å få på plass infrastrukturen som trengs i sjøen og starte dyrkingsprosessen. Planen i første omgang er å dyrke ti tonn som ein testpilot.

– VI treng kapital til å sette opp rammeverket og få testa ut løysinga skikkeleg, fortel Schips.

Dei håpar naturleg nok deltakinga i Arctic Ignite-konkurransen kan gi gevinst. Samtidig har dei óg planar om ein emisjon neste år.

– Målet er at vi at vi skal kunne produsere fem gonger meir frå neste år, seier Schips.

Likar alt som braakar gaar fort og kan ta fyr
STUDENTPROSJEKT: Hermann Peter Schips (t.h.) frå Volda og dåverande medstudent Christian Wist under Robotek 2019 då dei jobba med racebilprosjektet Revolve på NTNU. Foto: Marius Rosbach

Frå racerbil til taredyrking
I dag eig dei tre gründerane i alderen 22 til 27 år ein tredel kvar av selskapet.

Nokre av NETT NO sine lesarar vil kanskje dra kjensel på voldingen, som deltok på Robotek-konferansen i 2019 og fortalde om utdanningsvalet.

Den gong var han involvert i studentprosjektet Resolve NTNU, der målet var å bygge den optimale racebilen. To av gründerane i Kelpinor møttest under dette prosjektet.

Har allereie variert erfaring
Som tidlegare TAF-elev har 24-åringen frå Volda allereie variert erfaring. Frå han var 15 år har han vore i arbeid ved alt frå Tine Meierier, Vik Ørsta – der han tok fagbrev , og han har vore konstruktør i PE Bjørdal.

Han er framleis tilhengar av TAF-utdanninga, som inneberer at ein kombinasjon av skule og praktisk arbeid heilt frå starten av vidaregåande. For nokre år sidan blei fleire av desse studieplassane på Nordvestlandet lagt ned.

– Fleire bør få sjansen til å gå slike linjer
Schips er ikkje i tvil om at det i staden burde bli satsa meir på utdanningar somTAF og YSK.

– Eg meiner at mange fleire bør få sjansen til å gå slike linjer. Også professorar eg har snakka med, trekk fram fordelen ved å ta fagbrev før ein tek sivilingeniørutdanning, seier han.

Voldingen er sjølv eigentleg i full gong med å sivilingeniørstudiet på NTNU i Trondheim, men har teke ei pause for å jobbe med taredyrkingsselskapet nordpå.

Publisert: 15.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 15.10.2022 18:32

Mer om