Nytt
- Likar alt som bråkar, går fort og kan ta fyr
Hermann Peter Schips frå Volda er mellom NTNU-studentane som frivillig jobbar over 40 timer i veka ved sidan av studier for å bygge den optimale racerbilen.
Marius Rosbach
28.11.2019
Robotek 2019 går av stabelen i Brattvåg torsdag. Under seminaret skal deltakarane få ein oppdatering på kvar automatisering og robotteknologien står frå leiande aktørar i ulike bransjar.
Tema i år er effektiv produksjonsteknologi og riktige val, men dagen fekk ein kickstart med studentar frå Revolve NTNU – også omtala som Norges raskaste studentprosjekt.
– Ein kan lure på kvifor vi vil jobbe 40 timar i veke på dette, ved sidan av studie. Utgangspunktet er at vi likar alt som bråkar, går fort og kan ta fyr, fortel Hermann Peter Schips.
Voldingen Schips og medstudent Christian Wist fortalde korleis dei jobbar og om dei ulike disiplinane der dei konkurrerer mot studentar frå andre land.
– Eg meiner noko av det mest nyttige, er korleis vi jobbar med erfaringsoverføring, seier Schips og viser til at kvar del av prosjektet har eige prosjektsider der alt dei gjer blir loggført.
Slik kan seinare års studentar gå inn og gjere forbetringar i sitt prosjekt.
– Vi må forsvare kvifor vi har valt akkurat det designet på kvar einaste komponent. Ein gjengangar er at vi må forklare kvifor vi har valt ein komponent framfor ein anna. Her kjem alle dei store aktørane inn som Mercedes, BMW og Ferrari og stiller spørsmål, seier han.
Bilen konkurrerer i ulike disiplinar som høg fart på kort rett strekning, køyring i høg fart på åttetalsbane og «utholdenheitstesten», der dei får testa kor drivstoffgjerrig bilen er.
– Det er disiplinen vi meiner er mest retta mot næringslivet og bilindustrien. Då skal vi køyre bilen 22 kilometer med eitt sjåførbytte og utan påfyll av drivstoff – altså batteri.
Kjøling av batteriet har vore eit tilbakevendande problem, men årets lag meiner å ha løyst den utfordringa.
Primus motor og dagleg leiar i Robotek, Arne Tande, fortel til NETT NO at det var kring 70 påmelde på førehand og at interessa har vore jamn dei siste åra.
Ny pulverteknologi kan vere ein løysing for sokalla additiv produksjon av metall i regionen, er mellom sakene på dagsorden.
Tema i år er effektiv produksjonsteknologi og riktige val, men dagen fekk ein kickstart med studentar frå Revolve NTNU – også omtala som Norges raskaste studentprosjekt.
Jobbar 40 timar i veka
Arbeidet går ut på å utvikle og bygge racerbilar frå botnen av – og alt skal skje i løpet av eitt år.– Ein kan lure på kvifor vi vil jobbe 40 timar i veke på dette, ved sidan av studie. Utgangspunktet er at vi likar alt som bråkar, går fort og kan ta fyr, fortel Hermann Peter Schips.
Voldingen Schips og medstudent Christian Wist fortalde korleis dei jobbar og om dei ulike disiplinane der dei konkurrerer mot studentar frå andre land.
– Eg meiner noko av det mest nyttige, er korleis vi jobbar med erfaringsoverføring, seier Schips og viser til at kvar del av prosjektet har eige prosjektsider der alt dei gjer blir loggført.
Slik kan seinare års studentar gå inn og gjere forbetringar i sitt prosjekt.
Må forsvare alle val
Gjennom prosjektet må dei forsvare alle val dei tek – noko som sunnmøringen Schips synest er spesielt engasjerande.– Vi må forsvare kvifor vi har valt akkurat det designet på kvar einaste komponent. Ein gjengangar er at vi må forklare kvifor vi har valt ein komponent framfor ein anna. Her kjem alle dei store aktørane inn som Mercedes, BMW og Ferrari og stiller spørsmål, seier han.
Bilen konkurrerer i ulike disiplinar som høg fart på kort rett strekning, køyring i høg fart på åttetalsbane og «utholdenheitstesten», der dei får testa kor drivstoffgjerrig bilen er.
– Det er disiplinen vi meiner er mest retta mot næringslivet og bilindustrien. Då skal vi køyre bilen 22 kilometer med eitt sjåførbytte og utan påfyll av drivstoff – altså batteri.
Kjøling av batteriet har vore eit tilbakevendande problem, men årets lag meiner å ha løyst den utfordringa.
Får innblikk i ny teknologi
I løpet av dagen får også deltakarane siste nytt om nye metodar som kan gi forbetringar hos mange bedrifter, og bidra til vekst.Primus motor og dagleg leiar i Robotek, Arne Tande, fortel til NETT NO at det var kring 70 påmelde på førehand og at interessa har vore jamn dei siste åra.
Ny pulverteknologi kan vere ein løysing for sokalla additiv produksjon av metall i regionen, er mellom sakene på dagsorden.
Ein gjengangar er at vi må forklare kvifor vi har valt ein komponent framfor ein anna. Her kjem alle dei store aktørane inn som Mercedes, BMW og Ferrari og stiller spørsmål
Publisert: 28.11.2019 15:01
Sist oppdatert: 14.10.2022 15:56