
Vil betre beredskapen i ei farlegare verd
Statsforvaltaren møtte næringslivet og utdanningsaktørar for å finne ut korleis dei best kan møte krise og krig.
I førre veke møttest representantar frå det maritime næringslivet og utdanningsinstituasjonane på Campus Ålesund for å snakke om kva dei bør gjere for å møte ein meir spent verdssituasjon.
Målet med samtalene er å etablere eit samarbeid for maritim beredskap med utgangspunkt i den maritime klynga på Nordvestlandet.
Den maritime klyngeorganisasjonen Blue Maritime og ÅKP var initiativtakarar til møtet, saman med NMK-sjef Kaj B. Westre. Statsforvaltar Else May Botten i Møre og Romsdal var også med på møtet som blei halde på NMK i Ålesund.
– Vi må sjå på kva situasjonen er i dag, kva utfordringar har vi ved krisehandtering og worst case-scenario, seier Botten til Nett No.
– Naturleg at vi tek ein slik posisjon
Førebels er ideen om eit samarbeid for maritim beredskap på diskusjonsstadiet.
– Vi synest det er naturleg at vi tek ein slik posisjon, fordi vi har så mange føresetnader for å gjere det. Både når det kjem til utdanning, næringsliv og geografisk, seier kommunikasjonsansvarleg Elisabeth Solvang i ÅKP.
NTNU i Ålesund tilbyr nokre av dei fremste maritime studia i landet, den maritime industrien er i verdsklasse og Nordvestlandet ligg sentralt plassert på kysten.
Vil kartlegge status og behov
Spørsmål det er naturleg å stille, er kva kompetanse og kunnskap som finst om bord på norske fartøy i dag, og kva som vil vere behovet i ein krisesituasjon.
– Korleis kan vi rigge ting raskt – korleis brukar vi teknologi i ei ny tid, ikkje berre når det gjeld forsvarsberedskapen, men også totalberedskapen som det sivile samfunnet er ein del av, seier statsforvaltar Botten om vurderingane i arbeidet.
Ho har samfunnssikkerheit og beredskap som ein av sine viktigaste oppgåver. Etter at verda er blitt ein meir uttrygg plass, har oppgåva fått meir merksemd.

Over 1000 fartøy klar i krise
Andre spørsmål som er tema, er korleis utdanne sjøfolk raskt til å bemanne ein flåte i kriser og krig, stadfestar Botten.
Under Rederikonferansen i Ålesund for nokre veker sidan kom det fram at berre medlemmane i bransjeorganisasjonen Kystrederiene, har over 1000 fartøy. Desse kan ha stor kapasitet i tilfelle krig og krig.
– Alle kan brukast på eit eller anna vis, sa seniorrådgivar Johan Løberg i organisasjonen til Nett No under konferansen.
Milliardinvesteringar i vente
Ei stortingsmelding om totalberedskap vil vere med å legge premissa for arbeidet vidare, saman med langtidsplanen for forsvaret. Sistnemnte er ei oversikt over kva investeringar forsvaret treng dei neste åra.
Det vil bli investert for betydelege milliardbeløp for å utruste forsvaret framover. Den maritime satsinga går ut på skaffe fartøy i to ulike storleiker: Inntil ti av dei største skipa for havgåande bruk og 18 mindre fartøy for kystnær bruk.
I tillegg vil regjeringa også ha minst fem nye fregattar, som skal utviklast saman med andre land.

Kan sikre store oppdrag til industrien
Den maritime industrien på Nordvestlandet vil stå fremst i køa for å sikre seg oppdrag med å bygge flest mogleg av desse skipa.
– Fleire bedrifter fortel at dei allereie leverer til forsvarsindustrien. Det er bra! Den maritime klynga her er i posisjon til å bidra i framtidas satsingar. Økt samarbeid med NATO-land vil nok prioriterast, når det gjelder utvikling av nye forsvarsfartøy. Det er ubåt-samarbeidet mellom Norge og Tyskland eit høve på, seier statsforvaltaren.
Det er uttalt politisk vilje til å sikre oppdrag til industrien her heime. Både eit verftssamarbeid med Kongsberg Gruppen i spissen og Vard-konsernet, er mellom dei som har presentert sine tankar om korleis nye standardiserte skip til forsvaret kan sjå ut.
Kursar toppleiarar
Samarbeidet mellom det offentlege og næringslivet er blitt tettare på fleire vis som følgje av auka spenning i verda.
Eit kurs for toppleiarar i samarbeid med politiet og heimevernet, er eit grep statsforvaltaren i Møre og Romsdal var først ute i landet med å innføre. Det første kurset blei halde no i vår.
Botten fortel at målet er å skulere 60 toppleiarar i året gjennom satsinga.
– Det er viktig at offentleg og privat sektor samarbeider, og gjer kvarandre gode, seier ho.
Publisert: 06.07.2024 05:00
Sist oppdatert: 05.07.2024 22:08